Hopp til innhold

Ukas Urørt (U21) The Micropops

Vokalisten og frontfiguren i The Micropops heiter Håkon Njøten, eit kjent namn for deg som såg Idol 2004. No har han mekka sin eigen musikk og er Ukas Urørt.

Håkon Njøten - The Micropops

Urørt meiner:

1960 og 1985 møtast på fest og finn umiddelbart tonen i måneskinnet. Det høyrast ut som jordbær og sjampis når The Micropops ausar ut forfriskande og fjærlett sommarpop. Frontfigur og vokalist Håkon Njøten har funne go'forma og guidar lyttaren stødig leikent gjennom fargerike og sprudlande lydlandskap, pent dandert med aaaaah-aktig koring, synth og xylofon.

- Kor paradoksalt dette enn måtte høyrast ut, og dette er meint bra, høyrast han på refrenget ut som popsjterna han aldri blei.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Besøk, lytt og last ned gratis, The Micropops her

Frå Idol til Ukas Urørt

Håkon Njøten er tjueto år men har vert innom fleire aspekt av den norske musikkscena enn dei fleste allereie. I 2004 meldte han seg på det pur popkommersielle maskineriet Idol. Han kom seg heilskinna gjennom hysteriet på ein 5. plass. Og i 2006 debuterte han som soloartist med singelen "Som sommeren".

No spelar han altså i The Micropops saman med Bjarte Sandal på trommer og Simen Krogstie Lagesen på bass. Erlend Hovgaard og Sofie Storaas er eit lite minikor som også riv i på xylofon og tamburin når det trengs.

Soveromsmusikk

Håkon tippar han brukar kring femten timar på å lage musikk i veka. I tillegg kjem bandøving, også blir det resten på skulen.

- Låta "Moonlight" lagde eg delvis på kjøkkenet og delvis i stova. Det var skumring. Teksten lagar eg alltid etter melodi. Eg synstes det var ein happy-mystisk melodi, så eg lagde ein happy-mystisk tekst.

- Vi er veldig glade i xylofon, det er vårt live instrument. Ellers er The Micropops ein gjeng som er glad i elektro-pop, pop og rock.

Fekk ikkje spele på Garage

Håkon Njøten legg ikkje skjul på at det betyr mykje å bli Ukas Urørt.

- Det viser at det går an å lage musikk sjølv om ein har vert med i Idol for lenge sidan.

Det var nemleg ikkje alltid like greit å ha Idolstempelet godt planta i panna.

- Eg fekk ikkje spele på Garage i Bergen etter Idolopptreden. Det er ikkje noko eg grublar mykje over no. Og det går heller ikkje an å angre på å ha vert med i Idol, det blir for teit.

- Det å bli Ukas Urørt er det største som har skjedd meg i min musikkarriere fram til no. Det er så fint å få respons på fem-seks år med låtskriving.

The Micropops

Håkon og resten av The Micropops!

Besøk, lytt og last ned gratis, The Micropops her

Kulturstrøm

  • Operaen vann pris for operaalbum

    Innspelinga Den Norske Opera & ballett gjorde av Richard Wagners «Den flyvende hollender» er kåra til årets operaalbum av Gramophone, som er det leiande tidsskiftet for klassiske innspelingar.

    – Gramophone-prisen er ei stor anerkjenning for heile Nasjonaloperaen – for Operakoret, Operaorkesteret og solistane på scena, seier operasjef Randi Stene i ei pressemelding.

    Prisane blei etablert i 1977, og blir sett på som ein av dei mest prestisjefylte utmerkingane innan klassisk musikk.

  • Bergen Filharmoniske Orkester vann prestisjetung pris

    Bergen Filharmoniske Orkester vann prisen Orchestra of the Year 2025 i London onsdag kveld. Det er tidsskriftet Gramophones som deler ut prisen. Deira årlege Classical Music Awards er nokre av dei mest prestisjetunge prisane innanfor den klassiske plateindustrien, og kan samanliknast med Grammy Awards, skriv Bergen Filharmoniske Orkester i ei pressemelding.

    Det viktigaste med denne prisen er kanskje ikkje at me får han for det me allereie har oppnådd, men at den viser kva som er mogleg. Bergen er kanskje ikkje nokon stor by i europeisk målestokk, men framleis ein musikk- og kulturby av internasjonalt format. Heile byen kan vera stolte av Bergen Filharmoniske Orkester, seier Sigurd Sverdrup Sandmo, som er direktør i Musikkselskapet Harmonien.

    Torsdag kveld skal orkesteret feira sigeren saman med publikum på konsert i Grieghallen, skriv BT.

    en mann og en kvinne som sitter på en benk
    Foto: Henning Målsnes
  • Halvor Bakke trekker seg fra «Skal vi danse» av medisinske årsaker

    Halvor Bakke trekker seg fra «Skal vi danse» før lørdagens konkurranse.

    Det er vonde tær som gjør utslaget, melder TV 2. Nærmere bestemt en stor betennelse i to tær som har vart i to år.

    – Jeg trosset legen i to uker, gikk på parketten med sterke smertestillende, bedøvelsessprøyter og kortison. Det har vært en lege som har sagt at jeg ikke skal danse, men jeg trosset ham i to uker. Nå sa han: «Nok er nok, nå går det ikke lenger. Det er uforsvarlig at du fortsetter», sier Bakke.

    Han er «skikkelig lei seg» over å måtte trekke seg fra «Skal vi danse», som han drømte om å være med på i ti år.