Hopp til innhold

Tone Hansen blir Munchmuseet sin nye direktør

Noverande direktør ved Henie Onstad Kunstsenter, Tone Hansen (52) blir direktør for Munchmuseet til hausten. – Eg gler meg. Det blir så gøy, det.

Tone Hansen, Henie Onstad

Blir Munchmuseet sin nye direktør.

Foto: Gunnar Bratthammar / NRK

Ho tar over etter Stein Olav Henrichsen som går av som direktør for Munchmuseet i slutten av september. Henrichsen har då sitte i stillinga i 12 år.

Tone Hansen er kunstnar, kurator og har vore museumsdirektør ved Henie Onstad Kunstsenter i Bærum sidan 2011. Før ho blei direktør der, hadde ho arbeida som kurator for kunstmuseet i tre år. Ho er utdanna ved Kunstakademiet og Kunsthøgskulen Oslo. I 2015–2019 var ho styreleiar for Norsk kulturråd. Tidlegare har ho også arbeida som stipendiat ved Statens Kunstakademi/Kunsthøgskolen i Oslo.

– Ved Tone får vi ein visjonær, ein progressiv leiar ved eit sterkt og stort samfunnsengasjement, som kjem til å styrke og vidareutvikle Much, sa byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen då han erklærte at Hansen blir ny direktør.

Det er ei åremålsstilling på seks år, som kan fornyast ein gong.

– Eg er heilt trygg på at Munch er i svært trygge hender, med deg ved roret.

Då Hansen tok ordet under pressekonferansen i formiddag, takka ho for tilliten.

– Det har vore litt av ei reise og eit fantastisk oppdrag å ta vidare ein institusjon som allereie har markert seg betydeleg i Oslo, nasjonalt og internasjonalt.

Den påtroppande direktøren meiner at Oslo, med Munchmuseet som flaggskip har potensialet til å bli den største kunst- og kulturbyen i Norden.

– For å få det til er Munch ein enormt viktig drivar. Men vi må mobilisere heile byen om vi skal sikre at dette er ein internasjonalt anerkjent by der folk reiser for å oppleve kunst og kultur. Og så kan dei fare på skiferie etterpå.

FIRE NYE DIREKTØRER: Blant de fire nye direktørene som skal jobbe i Munch-museet i Bjørvika, er det ingen kunsthistorikere.

Det nye Munchmuseet opna i Bjørvika i hovudstaden i oktober 2021.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Karin Hindsbo, direktør ved Nasjonalmuseet seier dette er ei gledeleg nyheit og at Hansen er genuint opptatt av kunst.

– Henrichsen gjort ein stor og god jobb med å opne det nye museet. No kjem det ny direktør til, og eg håper det kan sjåast. Det skal merkast når det kjem ein ny direktør til. Det blir spanande å sjå korleis Tone Hansen vil vidareutvikle institusjonen.

Fagforeiningar som representerer om lag 90 tilsette ved museet har nyleg sendt ein bekymringsmelding til byrådet i Oslo som gjeld avtroppande direktør Stein Olav Henrichsen. Det kjem på bakgrunn av omfattande endringsprosessar han har sett i gong og det dei opplever som manglande innverknad på desse.

– Me kjenner godt til Tone Hansen for hennar arbeid ved Henie Onstad Kunstsenter og me gler oss, seier tillitsvald i Forskerforbundet ved Munchmuseet, Trine Otte Bak Nielsen.

Hansen danka ut ti andre søkarar i kampen om direktørstillinga på Munchmuseet. Mellom anna Lars Toft Eriksen, kurator og leiar for utstillingsprogram ved Munchmuseet, kunstnarisk direktør Trude Gomnæs Ugelstad ved Sørlandets Kunstmuseum og kunsthistorikar Ina Johannessen Dibley.

Kulturstrøm

  • Sel diamantar

    Diamantane til Shirley Bassey varte ikkje evig – slik ho song i James Bond-filmen: Denne helga sel ho mange av smykka sine på auksjon.

    Bassey, i dag 87 år gammal, song tittellåten til James Bond-filmen «Diamonds Are Forever» frå 1971.

    Men no melder Reuters at ho sel unna ein del av smykka og klokkene sine på auksjon til inntekt for velgjerande formål som ho sjølv har valt ut.

    (NTB)

    FILE PHOTO: The Bal de la Rose in Monaco
    Foto: Pool / Reuters
  • Norsk film fikk pris

    Den norske filmen Armand, som er regissert av Halfdan Ullman Tøndel, får prisen for beste lyddesign (Prix de la Meilleure Création Sonore) under filmfestivalen i Cannes.

    Den er nominert i sideprogrammet «Un Certain Regard». Dette er Ullman Tøndels debutspillefilm der Renate Reinsve har hovedrollen. Filmen hadde verdenspremiere under filmfestivalen.