Ein minst 500 år gammal tradisjon blir halden ved like i Oselvarverkstaden i Os kommune sør for Bergen. Nå er tre båtbyggjarar i sving her og har meir enn nok å gjera. Det er nærare to års ventetid dersom du vil ha dei til å byggja ein oselvar for deg.
Halshogging
Halsen er nedste bordet både framme og bak. Denne blir hoggen til med øks utav ein tre tommar tjukk plank, og ved denne halshogginga blir det avgjort om oselvaren eignar seg for roing eller segling. Desse proffe båtbyggjarane brukar stort sett målestav, øks,kniv og høvel - same reiskapa som for fleire hundre år sidan.
200 år og 250 timar
Båtbyggjarane går sjølve ut i skogen og finn dei furutrea som eignar seg. Dei beste er omlag 200 år gamle - og helst kvistfrie. Dei breie borda ligg så på verkstadloftet og turkar nokre månader. Når dei blir klinka fast, er dei skorne ned til ti millimeter....er dei tjukkare sprikk dei, og er dei tynnare sprikk dei då og.
For å byggja ein heil oselvar brukar Hallgeir Bjørnevik omlag 250 arbeidstimar. Då er det ikkje rart at båten må kosta frå hundre tusen kroner og oppover - alt etter om han skal riggast for segling eller ikkje.
Det blir arrangert norgesmeisterskap i oselvarsegling, og då kan dei koma opp i heile 17 knops fart ! Når ein ror, kan farten koma opp i god snekkefart , 6-7 knop.
Etterspurnaden etter denne båttypen, som veg bare hundre kilo, har auka siste åra. Dermed ser det ut til at det i mange år framover vil bli bygd oselvarar i Oselvarverkstaden i Os.
Sjå oselvarbåtane i Norge Rundt kl. 19.30 fredag