19-åringen debuterte i september – tysdag tok han imot gjev litteraturpris.
– Det er deilig. Og det kjennest som ei utruleg stor ære å vinne denne prisen som tidenes yngste, sa den ferske vinnaren av årets Bokhandlerpris, Oliver Lovrenski.
Romanen hans «Da vi var yngre» vart stemt fram som årets beste bok av bokhandlarane i Noreg.
Like viktig å vere ein inspirasjon som å vinne pris
NRK møtte 19-åringen mellom høge stettglass og ei staseleg forsamling kort tid etter han fekk tildelt prisen av kulturministeren på Litteraturhuset i Oslo.
Lovrenski håpar prisen vil inspirere andre kreative ungdommar.
– Det er gøy å vinne prisar, men eg håpar andre ser dette og ser at det er mogleg. At det vi har å seie er verd å lytte til og at det kjem nokon andre seinare som får til det same.
Under to månadar etter sin debut vart den norsk-kroatiske 19-åringen prisvinnar for denne romanen. – Det viser at det er mogleg.
– Ein brakdebut av dei heilt sjeldne
Lovrenski debuterte med romanen «Da vi var yngre» for knappe to månadar sidan. 19-åringen gjer gatespråket om til kunst, skreiv NRK sin meldar om debuten.
Direktør i bokhandlerforeningen, Anne Schøitz, kallar romanen ein brakdebut av dei heilt sjeldne.
– Og det seier ikkje reint lite, for det er ein ualminneleg god bokhaust, noko som også lista over dei nominerte viser, seier Schøitz i ei pressemelding.
Direktør Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen meiner lista over dei nominerte til Bokhandlerprisen 2023 vitnar om ein ualminneleg god bokhaust. (Arkivfoto)
Foto: Ida Yasin Andersen/NRKLovar oppfølgar
Tida framover blir innhaldsrik, ifølge 19-åringen.
– Først vert det ulike lanseringar i utlandet. Så blir det å jobbe vidare på ulike prosjekt knytt til romanen her i Noreg, mellom anna teater og skulebesøk.
Boka har blitt seld til 14 andre land så langt.
Kjem det ein oppfølgar etter kvart også?
– Når tida er inne kjem det ein oppfølgar, seier Lovrenski.