I går fekk 40 ivrige Beatles-fan tjuvlytte på remasteringa av dei 13 studioalbuma til The Beatles. Lyden på innspelingane vorte justert, slik at musikken vert presentert i det lydbiletet ein krev i dag.
HØYR RADIOSAK FRÅ TJUVLYTTINGA HER:
Uventa restaurering
I fire år har lydteknikarar pussa på dei gamle opptaka frå 60-talet, utan at fansen har visst noko om det.
Beatles-fan Jan Wang Engedahl er gledeleg overraska over ei nyrestaurert samling no kjem i butikkane 09.09.2009.
- Det har vore snakka om at dette vart for mykje arbeid. Og vi hadde innfunne oss med at dette ikkje vart noko av i vår levetid, seier Wang Engedahl.
Den norske Beatles-fanklubben Norwegian Wood har kring 500 medlemmar. President i klubben, Linda Engebråten var ikkje i tvil om om at der var ein forskjell på dei nye og gamle utgjevingane.
- Vokalen er klarare, og er meir naturleg, seier Engebråten.
- Å få vere ein av dei første som får høyre dette i Noreg er ekstremt sterkt, seier ein Beatles-fan Jan Wang Engedahl.
Var eit krav
Marknadssjef i EMI katalog Norge, Erling Johannessen er tydeleg stolt over det han presenterer. Han fortel at dei gjenlevande medlemmane i bandet, Paul McCartney og Ringo Starr til slutt har hatt det avgjerande ordet.
- Alle Beatles-fans har ropt etter at ein skulle gjere noko med lyden, seier Johannessen
Det var som reine julekvelden for tilhengjarane som plateselskapet hadde invitert til tjuvlyttinga på dei nye Beatles-lyden.
- Det var ein stor kveld, eg har gledd meg som ein unge sidan eg var så heldig å kome med. Det stod heilt klart til forventningane, seier Jan Wang Engedahl.
- Gler du deg til å høyre dei nyrestaurert Beatles-platene?