Hopp til innhold

Nye skuldingar om plagiat mot Mark Ronson og Bruno Mars

«Uptown Funk» var den mest populære låten i 2015. Men no kjem det stadig nye skuldingar om at opphavsmennene har stole frå andre.

US-THE-58TH-GRAMMY-AWARDS---SHOW

«Uptown Funk» toppa hitlistene verda over i 2015, og Mark Ronson og Bruno Mars fekk to Grammy-prisar for songen. Men no kjem det stadig nye plagiatskuldingar.

Foto: KEVORK DJANSEZIAN / Afp

Artistane Mark Ronson og Bruno Mars toppa både den amerikanske og britiske hitlister med «Uptown Funk» i fjor. Men no går funk-gruppa Collage til sak fordi dei meiner at hiten liknar for mykje på singelen «Young Girls», som dei gav ut i 1983, melder nettstaden TMZ.

– Kopi

I klaga, som musikknettstaden Pitchfork har fått tak i, blir det blant anna hevda at «Uptown Funk» er ein kopi av «Young Girls» både når det gjeld melodi, rytme og oppbygging. Dei viser også til at Ronson og Mars ved fleire høve har sagt at songen deira er inspirert av electro-funk frå 80-talet.

Her kan du samanlikne dei to låtane:

«Uptown Funk» – Bruno Mars & Mark Ronson

«Young Girls» – Collage

Lønnsam song

Det er det einaste attlevande medlemmen av Collage, Larry White, som har gått til sak. Men etterkomarane til dei to andre i gruppa, er også med på søksmålet. Dei ønsker no å få sin del av inntektene til «Uptown Funk»

Og det er mykje pengar det er snakk om. Singelen er seld i over 6 millionar eksemplar, og spelar ifølge rapportar 100.000 dollar i veka på Spotify aleine. «Uptown Funk» toppa den amerikanske singellista i fjorten veker. Den einaste songen som har fleire topplasseringar i Billboard-historia er «One Sweet Day» med Mariah Carey og Boyz II Men.

Fleire skuldingar

Men det er langt frå første gang Bruno Mars og Mark Ronson har blitt skulda for å ha stole frå andre. The Gap Band ville også saksøke fordi dei meinte «Uptown Funk» likna for mykje på «Oops Upside Your Head» frå 1979. Det enda med eit forlik der The Gap Band fekk 17 prosent av inntektene og også blei kreditert som medforfattarar på hiten frå i fjor.

«Oops Upside Your Head» – The Gap Band

Og i februar i år hevda også hiphop-gruppa The Sequence at storhiten likna for mykje på «Funk You Up» som dei gav ut i 1979. Men dei har førebels ikkje gått til sak mot Mark Ronson og Bruno Mars.

«Funk You Up» – The Sequence

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters