Oppdatering: Avstemminga for semifinalen er nå lukket.
Dei seks utøvarane som får flest stemmer går vidare til finalen, og dei blir offentleggjorte fredag 6. januar.
Du kan stemme på dei seks finalistane frå og med fredagen, og gjennom den direktesendte Idrettsgallaen laurdag 7. januar. Vinnaren blir offentleggjort under sendinga.
Dette er dei 17 kandidatane:
Magnus Carlsen, sjakk:
Magnus Carlsen avbilda i august.
Foto: ARUN SANKAR / AFP- Carlsen har dominert sjakkverda sidan 2010 som verdas beste spelar.
- Sist siger var i VM i lynsjakk i desember 2022, der han tok gullet. Totalt har han 15 VM-gull.
Erling Braut Haaland, fotball:
Erling Braut Haaland i Manchester City-drakta.
Foto: PHIL NOBLE / Reuters- Jærbuen set scoringsrekordar uansett kvar han spelar, og uansett nivå.
- Har tatt heile verda med storm etter overgangen til Manchester City.
Kristian Blummenfelt, triatlon
Kristian Blummenfelt heime i Bergen etter OL-gull i Tokyo.
Foto: Marit Hommedal / NTB- Verdas fremste triatlet.
- Vart verdsmeister i iron man i mai 2022 (i det utsette meisterskapet frå 2021), og verdsmeister i Iron man 70.3 i oktober.
Ada Stolsmo Hegerberg, fotball:
Ada Hegerberg er tidenes mestscorande spelaren i Champions League for kvinner.
Foto: Terje Pedersen / NTB- Var sentral da Lyon vann 3–1 over Barcelona i finalen i Champions League.
- Ho er den fyrste spelaren som har scora i fire meisterligafinalar sidan Real Madrid-legenda Alfredo di Stefano.
Johannes Thingnes Bø, skiskyting:
Johannes Thingnes Bø på Sjusjøen Arena Natrudstilen framfor sesongstarten i skiskyting.
Foto: Javad Parsa / NTB- Han vart den ubestridte OL-kongen i skiskyting i Beijing, med fire gull og éin bronse.
Viktor Hovland, golf:
Viktor Hovland under finalen i Zozo-meisterskapet i Chiba i Japan.
Foto: YUICHI YAMAZAKI / AFP- Avslutta sesongen med å vinne Hero World Challenge.
- Nummer ti på verdsrankinga i midten av desember.
Handballjentene, handball:
Handballjentene etter å ha vunne EM-finalen mot Danmark.
Foto: Beate Oma Dahle / NTBVann EM-gull i 2022. Dette er det sjuande EM-gullet for det norske kvinnelandslaget.
Jesper Saltvik Pedersen, alpint:
Noregs Para-alpinist Jesper Saltvik Pedersen jublar med gullmedaljen under medaljeseremonien i Yanqing for slalåm konkurransen for sitjande under Paralympics i Beijing 2022.
Foto: Joel Marklund for OIS / NTB- Vann tre gull og to sølv under VM på Hafjell.
- Vann fire gull og eitt sølv i Paralympics i Beijing.
- Vann verdscupen samanlagt, med 6 enkeltsigrar.
Jakob Ingebrigtsen, friidrett:
Jakob Ingebrigtsen etter målgang og siger på 1500 m EM i friidrett i München.
Foto: Lise Åserud / NTB- Sette verdsrekord innandørs på 1500 m, vann VM-gull på 5000 m og VM-sølv på 1500 m.
- EM-gull på 1500 m og 5000 m.
- EM-gull i terrengløp og nr. 1 på årets verdsstatistikk.
Therese Johaug, langrenn:
Therese Johaug med medaljane ho vann under vinter-OL i Beijing 2022.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB- Tok tre individuelle OL-gull i Beijing i sitt siste OL i 15 km skiathlon, 10 km klassisk og den avsluttande distansen 30 km fristil.
Casper Ruud, tennis:
Casper Ruud jublar etter å ha vunne semifinalen mot Andrej Rubljov i ATP Finals i Torino.
Foto: GUGLIELMO MANGIAPANE / Reuters- Ranka som nummer 2 i verda i 2022.
- Spelte seg fram til finaleplass i to Grand Slam-turneringar.
Birgit Skarstein, roing
Birgit Skarstein viser fram gullmedaljen på podiet etter å ha vunne singlesculler i EM i München.
Foto: WOLFGANG RATTAY / Reuters- Tok EM-gull i München
- Vann VM-gull i Tsjekkia.
Johannes Høsflot Klæbo, langrenn:
Johannes Høsflot Klæbo med medaljane sine til på under vinter-OL i Beijing 2022.
Foto: Torstein Bøe / NTB- Vann to gull, eitt sølv og éin bronse i OL i Beijing.
- Trønderen vann også verdscupen samanlagt for tredje gong.
Marius Lindvik, skihopp:
Marius Lindvik med gullmedaljen han tok imot som verdsmeister i den individuelle konkurransen under VM i skiflyging i Vikersundbakken.
Foto: Geir Olsen / NTB- Marius Lindvik vann OL-gull i hopp stor bakke, og vart fyrste norske vinnar på 58 år.
- Verdsmeister i skiflyging på heimebane i Vikersund.
Marte Olsbu Røiseland, skiskyting:
Marte Olsbu Røiseland på Arena Natrudstilen før sesongstarten i skiskyting.
Foto: Javad Parsa / NTB- Vann tre gull og to bronse i OL i Beijing.
- Vann også verdscupen samanlagt.
Jarl Magnus Riiber, kombinert:
Jarl Magnus Riiber poserer under verdscupen i Finland i slutten av november.
Foto: Markku Ulander / AP- Vann verdscupen samanlagt for fjerde år på rad.
- Er nå tidenes utøver i verdscupen med 53 enkeltsigrar.
Birk Ruud, friski:
Birk Ruud poserer på podiet etter å ha tatt OL-gull i Beijing i «friski big air»
Foto: SEBASTIEN BOZON / AFP- Vann historias fyrste OL-gull i friski big air.
- Vann verdscupen samanlagt.