Hopp til innhold

Er det ... blå maskara?

Vi nøstar opp i eit par ting i den nest siste episoden av Lykkeland. Året er 1990.

En jente i 12-årsalderen sminker seg med blå maskara.

Marie har gått i sminkepungen til mor Toril.

Foto: MAIPO FILM / NRK

Episoden skal spegle Stavanger og Noreg i overgangen frå 80- til 90-talet.

1. Den skolesekken til Marie ...

Marie samlar tomgods frå gata og puttar det i ranselen sin.

Her snakkar vi om ein gammal slager!

Sekken i lyst skinn med meis var megapopulær på 70- og 80-talet – ja, faktisk langt inn på 90-talet.

Han er frå norske Beckmann og er framleis i produksjon, men i ei nyare utgåve.

"Beckmann-sekken": En brukt skolesekk/ransel i lysebrunt skinn fra 90-tallet.

Denne er om lag 35 år gammal (ein ungfole, med andre ord!) og heng på veggen til eigaren sin til pynt. Ofte hadde desse sekkane handskrivne helsingar på lokket.

Foto: privat

2. Var namneskilt på veggen ei greie?

Sture Molvik har kjøpt så mykje sjampanje i Toril sin restaurant «Rockokko» at han får sin eigen plakett på veggen.

Ja, det var ei greie.

I Oslo fanst mellom anna ein bar som heitte «Barock».

Der kunne ein få namnet sitt på veggen om ein kjøpte nok sjampagne i magnumflasker.

  • Sture Movik (Herman Flesvig) får tilsnakk av Anna fordi han har namnet sitt på en plakett på veggen.

    SJAMPIS-SJARM: Sture Movik (Herman Flesvig) blir irettesett av Anna fordi han har namnet sitt på ein sjampanje-plakett.

    Foto: Maipo Film
  • Svart hvitt bilde av smilende mann som holder opp en stor flaske champagne. Med en rød ring rundt plakettene på veggen i bakgrunnen.

    MAGNUM-GLIS: Sjampanje framfor plakettar på Barock i Oslo. Er det tilfeldig at Toril sin stad også har namn etter ein kunststil, skal tru ... ?

    Foto: NTB

3. Marie er mykje åleine heime. Var det vanleg?

I alle fall meir vanleg enn det er i dag.

Fleire kvinner byrja å jobbe på 80-talet, men skolefritidsordninga vart ikkje lovfesta som eit nasjonalt tilbod før i 1997.*

Derfor var barn og ungdom ofte åleine heime. Ikkje alle hadde tilgang på besteforeldrar eller råd til «dagmamma».

DVD-omslag for filmen Alene hjemme.

ÅLEINE HEIME: Denne klassikaren kom i 1990, nøyaktig same år som episode 7 i Lykkeland. Marie var ikkje den einaste som var åleine heime.

Foto: Disney

– Det er rimeleg å anta at mange barn var åleine ein del timar i veka medan foreldra jobba.

Det skriv forskar Ragni Hege Kitterød ved Institutt for samfunnsforskning.

Men sjølv om fleire kvinner enn tidlegare var i jobb, jobba 59 prosent deltid i 1989. Likevel var det ganske mange som jobba fulltid: om lag 40 prosent.

Heimekontor og fleksitid var ikkje like gjengs då som no.

4. Leid Noreg av hollandsk sjuke?

Over eit tårnfat med eksklusiv østers, spør Anna kollegaene om dei trur Noreg lir av hollandsk sjuke.

Året er altså 1990, og Nederland hadde tent store pengar på gass på Groningen-feltet sidan 60-talet.

Det førte til ein sterk vekst i offentlege utgifter, som igjen førte til kollaps i økonomien etter 20 gode år.

"Anna" spør om Noreg lir av hollandsk syke i 1992.

Anna spør om Noreg lir av hollandsk sjuke mens Per Gunnar slurpar i seg østers (eit symbol på at svaret er ja?)

– Ja, mykje tyder på at Noreg hadde symptom på hollandsk sjuke på slutten av 80- tidleg 90-tal.

Hilde C. Bjørnland er professor i økonomi ved BI og har forska spesielt mykje på kva olja har betydd for Noreg.

– Noreg var ikkje like hardt råka som Nederland, men det var klare likskapstrekk, seier ho.

– Norsk økonomi vart sårbar, noko som vart tydeleg i 1986 då oljeprisen fall kraftig. Nedgangen bidrog til store underskot i statsfinansane og ei aukande arbeidsløyse.

Derfor vart Oljefondet (1990) og handlingsregelen (2001) oppretta.

BANKPLASSEN: Norges banks lokaler i Oslo, hvor Oljefondet har lokaler.

VÅR FELLES FRAMTID: Fondet vert forvalta av Norges Bank Investment Management frå Noregs banks lokale i Oslo.

Foto: NTB Scanpix

5. Blå maskara?!

Toril brukar mykje blå maskara i denne sesongen, ja, til og med dottera Marie gir seg sjølv blå vipper.

Folk gjekk definitivt med blå maskara på 80-talet.

Men sjølv om det var populært, var det ikkje noko nytt: Blå og grøn (!) maskara hadde eksistert sidan 1960.

En jente i 12-årsalderen sminker seg med blå maskara.

Marie har gått i sminkepungen til mor Toril.

Foto: MAIPO FILM / NRK

Men sidan fargefjernsyn ikkje var vanleg på 60-talet, hadde maskaraen avgrensa effekt.

Derfor kom blå maskara tilbake med eit bang på 80-talet; tiåret for mønster og sterke fargar (ikkje minst på fjernsynet).

Denne trenden har Toril omfamna heilt til 90-talet.

Maskaraen har vore tilbake i små periodar fleire gonger, og no ryktast det at han er hot – igjen.

  • Reklame fra 1987, kvinne med blå og lilla masara.

    MAYBE IT'S MAYBELLINE (1987): Kva med ein blå, grøn eller lilla mascara?

    Foto: Maybelline Co.
  • Skjermbilde fra TikTok av unge kvinner som tester blå mascara.

    TIKTOK ANNO 2024: Mascara med farge på, spesielt blå, ser ikkje ut til å forlate marknaden heilt enno.

    Foto: Skjermbilete / TIKTOK

6. Er kleda til Anna tidsriktige?

Toril går rundt som eit vandrande 80-tal i serien. Men kva med Anna?

Ja. Definitivt tidsriktig.

Kostymedesigner Anne Pedersen fortel at den største utfordringa med Anna var å gjere henne eldre.

– Ho er aleinemor og har ein krevjande jobb, så vi gav henne ein vaksen og litt konservativ stil.

Kostymedesigner Pedersen legg til at det er gjort mykje undersøking av bilete frå 80-talet.

Mellom anna har ho sett mange episodar av NRK-programmet LørDan.

– Det er gøy med 80-åra. Moten var ganske ekstrem, mykje meir enn kva vi har gjort i serien, synest eg!

Dei har faktisk dempa kostyma litt, slik at sjåarane ikkje skulle bli for distrahert av kleda.

Et kort videoklipp med lyd fra NRK-serien LørDan som gikk på lørdager på 80-tallet og tidlig 90-tall.

Det gjekk i store blusar, puffermer, permanent og fargar på slutten av 80- og tidleg 90-tal. Her er nokre utdrag frå LørDan i det aktuelle året 1990, 17. november.

7. Men Stig Henrik Hoff er da ikkje nordlending?

Å, joda!

Eller, nei. Han er opphavleg finnmarking.

Fiskaren Tobias blir kjærast med bestemor Randi. Det var uventa, sidan ho mista mannen sin i bilulykka i første sesong, noko Toril klandrar seg sjølv for.

Denne fiskaren er nordlending, og blir spelt av Stig Henrik Hoff.

Han pratar ikkje denne dialekta til vanleg, men har ikkje noko problem med å slå om!

Stig Henrik Hoff spela fiskaren Tobias i Lykkeland episode 7, sesong 3. Han står på brygga med pipa i munnen og vind i håret.

Stig Henrik Hoff som fiskaren Tobias. Han presiserer til NRK at sjela hans høyrer til i Finnmark.

Foto: MAIPO FILM / NRK

Hoff har vakse opp på Berlevåg i Finnmark (og i Fiskum i gamle Buskerud fylke.)

Han har spelt nordlending i fleire tilfelle, som i Sulis 1907 og Kampen om Narvik.

  • PS: Faren hans er den legendariske visekunstnaren (og nordlendingen) Trygve Hoff.
  • PPS: Hoff er ikkje den einaste i serien som har bytta dialekt. Fredrik Nyman (med Stavanger-diakelt) blir spelt av Per Kjerstad, altså ein nordlending.
Porettbilder av Stig Henrik Hoff (sønn) og far Trygve Hoff ved siden av hverandre. De ligner på hverandre.

Ei samansetning av to eldre bilde av søn Stig Henrik og far Trygve Hoff. Faren står bak blant anna bak «Nordnorsk julesalme».

Foto: NRK/Arild S. Ellefsen

8. Konserten til slutt, skal det liksom vere ... Nirvana?

Episode 7 nærmar seg slutten og Marius har byrja å jobba i baren til mor Toril – mot hennar vilje.

Medan spenninga byggjar seg opp mellom dei to, byrjar ein konsert: Ein mørk vokal, seig el-gitar, rutete flanellskjorte og halvlangt, rufsete hår trer fram.

Lydbilete er mistenkeleg likt ...

Er det ein hyllest til Nirvana, eitt av dei mest kjende rockebanda på 90-talet?

Ei scene frå Lykkeland kor eit band byrjar å spele grunge-musikk.

Grunge-musikken og 90-talet tar scena i det 80-talet og Toril forsvinn ut døra.

Video: MAIPO FILM / NRK

– Konserten er ikkje ein heider til Nirvana, men til sjangeren grunge. Det er ei erkjenning av at 80-talet er over, og at det kjem ei ny tid.

Det seier manusforfattar Mette M. Bølstad i Maipo Film.

Grunge-musikken vart stor i første halvdel av 90-talet, og Nirvana sitt album Nevermind vert rekna som gjennombrotet for stilen.

Andre store grunge-band på den tida var Pearl Jam, Alice in Chains og Soundgarden.

  • Kurt Cobain synger i mikrofon i desember 1993.

    LEGENDE FRÅ TIDLEG 90-TAL: Ein av dei, i alle fall. Kurt Cobain, vokalist i Nirvana. 👉🏻

    Foto: ROBERT SORBO / Ap
  • En baby svømmer mot en dollarseddel i et basseng. Nirvanas albumcover for Nevermind, 1991.

    NEVERMIND: Nirvana sitt gjennombrotsalbum kom i 1991.

    Foto: GEFFEN RECORDS
  • PS: Songen er ikkje skriven for Lykkeland, men er frå 2015 og laga av den amerikanske artisten Blues Saraceno.

Her er originalen:

* I ein tidlegare utgåve av artikkelen står det at SFO ikkje kom før 1997, men det er meir riktig å seie at SFO ikkje vart lovfesta som eit nasjonalt tilbod før i 1997. Det var SFO-tilbod før, men då var det avhengig av kor du budde.

Her kan du lese alle dei andre faktasjekk-sakane.

Kjelder: Beckmann, Digitalt Museum, SSB, SNL, NTB, Oljefondets historie av Noregs Bank Investment Management, Pensjonisten nr. 7 2020, masteroppgåve i historie ved Erling André Flote: UiB 2008, SSBs Arbeidskraftundersøkelse 1989, Noregs Bank, Samfunnsforskning.no, Bernt Olav Aardal, forskar ved UiO, IMDb.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska