Hopp til innhold

– Eg ville ha trykt på bli-normal-knappen

Linda Knausgård, kona ti Karl Ove, gir i desse dagar ut debutboka si på norsk. Hennar bipolare liding er ein klar inspirasjon til skrivinga, men ho ville likevel blitt normal dersom ho kunne.

Video Linda Knausgård

Linda Boström Knausgård er i desse dagar klar med lanseringa av debutboka 'Grand, Mal' på norsk.

– Det hadde vore fint å berre vere Linda Boström Knausgård. Forfattar. Men eg kjem alltid til å vere kona til Knausgård. Men det gjer ingenting.

Linda Boström Knausgård er ein person svært mange nordmenn har eit forhold til. Ho vert skilda på hundrevis av sider i Karl Ove Knausgård sitt gigantprosjekt «Min Kamp.» Men no er det hennar tur til å vere den som styrer pennen.

Som å tenne bål

– Sigrud Combüchen som er ein fantastisk svensk forfattar, sa at å skrive ein roman er som å tenne bål. Først må ein jobbe litt med småved, men når det brenn, er det berre å slengje på ein kubbe av og til, fortel ho.

Det går eit einsamt emnneske, tenkjer han medan han kjem meg til unnsetning. Sidan han ser det, må alle sjå det, tenkjer eg vidare. Denne einsemda vil ein ikkje befatte seg med, den er som radioaktiv smitte. Einsemda som stålar ut frå meg og får folk til å kjenne seg ille til mote, fordi eg minner dei om at dei også er einsame.

Linda Knausgård / «Grand Mal»

Boka til Linda Knausgård heiter «Grand Mal», og er ei samling som består av 20 noveller. Tematikken er familieliv, morskjærleik, død, liv, mørkre og einsemd.

– Eg kjenner meg vanvittig einsam. Som om eg er annleis. Men eg trur ikkje berre det er eg som har det slik. Mennesket er utruleg einsamt.

Inspirerar einsemda di deg til å skrive?

– Eg trur at det er nettopp difor eg skriv.

Har bipolar liding

39-åringen blei sjuk midt i 20-åra, då ho fekk diagnosen bipolar liding. Sjukdommen vart bretta ut over hundrevis av sider i Min Kamp-bøkene til mannen. Sjukdommen nyttar ho også sjølv i sitt eige forfattarskap.

– Den mørke og lyse tilstanden gir mykje erfaring som du ikkje får på ein annan måte.

Gjer det at ein blir litt takknemlig for å ha ein slik sjukdom?

– Det vil eg ikkje seie, no som eg har born. Stephen Fry laga jo ein kjempefin dokumentar om sjukdommen. Han har den jo sjølv. Då spurte han alle om dei ville trykke på bli-normal-knappen. Ingen ville det, alle valte sjukdommen. Men eg ville ha trykt på knappen.

Flytta på landet

I dag er ho ganske frisk. Ho har flytta til ein litan landsby i Österlen i Sverige. Det gir Stockholmskvinna den roen ho treng til å vere mor og til å skrive.

Kor sjølvopplevd er tinga du skriv om?

– Det er veldig mykje som er sjølvopplevd. Men det er ikkje sjølvbiografisk, for det erikkje slik eg har skrive det. Det er ingenting som er akkurat slik det har hendt. Men det er eit språk som har forma hendingar. Slik trur eg det er for alle forfattarar.

(artikkelen held fram under biletet)

Linda Knausgård

Linda brukar å lytte til musikk på macen når ho skriv.

Foto: NRK

Får hjelp frå Karl Ove

Fleire av novellene hennar skildrar historiar som ein også finn i ektemannen sine romanar. Dei to er kritikarar for kvarandre.

– Karl Ove er nådelaust ærleg. Det er ein fantastisk ressurs.

Overraskande nok, vil mange seie, har ikkje Linda Knausgård noko problem med at vert nådelaust utlevert i bøkene til mannen.

– Eg var ikkje redd for noko i «Min Kamp». Eg er ivareteke av Karl Ove sitt fantastiske språk.

– Korleis har alt oppstyret vore, tykkjer du?

– Eg har prøvd å beskytte meg sjølv frå skrivinga. Eg har ikkje ein gong lest alle bøkene. Men det held med dei eg har lese. Eg treng ikkje lese det som er skriven om dei i tillegg.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska