Hopp til innhold

Hollywood-stjerner i Oslo

Opptaka til ein film regissert av Christopher Nolan er i gang i Oslo. Skodespelaren Robert Pattinson er også observert på settet til det som truleg er ein spionfilm.

Robert Pattinson

I OSLO: Robert Pattinson blir den neste Batman. Men før det skal han spele i ein spionthriller regissert av Christopher Nolan. Opptaka til filmen ser ut til å vere i gang i Oslo.

Foto: FADEL SENNA / AFP

Torsdag har det vore spelt inn scener til ein komande amerikansk/britisk thriller i Bjørvika og Tjuvholmen.

Det var TV 2 som først fortalde om innspelinga.

I føremiddag blei det filma på Operataket i Bjørvika, før dei flytta seg til Tjuvholmen i ettermiddag.

Der skal det ha blitt spelt inn ei scene på Olav Selvaags plass med ein samtale mellom Robert Pattinson, John David Washington og Himesh Patel, får NRK opplyst.

Fleire skodelystne følgde innspelinga på Tjuvholmen. Blant dei som hadde møtt opp for å få eit glimt av det som skjedde, var filmstudent Vegard Strøm, som studerer ved Fagskolen Christiania.

– Eg er så starstruck, seier han til NRK.

Spionthriller

Den britiske regissøren Christopher Nolan har tidlegare blant anna regissert spelefilmar som «Memento», «Dunkirk» og tre Batman-filmar.

No er han i Oslo med blant andre Robert Pattinson, som blant anna har spelt i «Twilight»-filmane, og John David Washington, som blei Golden Globe-nominert for innsatsen i Spike Lee-filmen «BlackKklansman».

Filmen det truleg dreier seg om, er spionthrilleren «Tenet» som ifølgje International Movie Database er under innspeling no. Nolan er ansvarleg for både regi og manus, i tillegg til at han står oppført som produsent.

Filmen får verdspremiere 17. juli 2020.

Tenet blir spilt inn på Tjuvholmen

I ettermiddag har det blitt spelt inn scener til den komande filmen på Tjuvholmen i Oslo.

Foto: Helga Tunheim / NRK

– Ingen kommentar

Adrian A. Mitchell i filmkommisjonen i Oslo seier dei ikkje kan seie noko om kva som går føre seg.

– Eg har ingen kommentar til det. Men at det skjer noko i Oslo sentrum er alltid veldig gledeleg.

NRK har også prøvd å kome ikontakt med filmkommisjonen NFI, men vi har førebels ikkje lukkast med å få ein kommentar.

I tillegg til Pattinson skal blant andre Elizabeth Debicki, Michael Caine og Kenneth Branagh på rollelista.

Ifølgje IMDB er «Tenet» ein actionthriller som handlar om internasjonal spionasje. I tillegg til Noreg blir det spelt inn scener til filmen i blant anna England, Italia, India og Estland.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska