Hopp til innhold

Hefner redda Hollywood-skiltet

Sjølve symbolet på filmdraumen er redda, etter at Playboy-gründer Hugh Hefner donerte 900.000 dollar.

US-ENTERTAINMENT-TOURISM-ARCHITECTURE-HOLLYWOOD

Hollywood-skiltet i Los Angeles er no redda takka vere eit privat fond.

Foto: MARK RALSTON / AFP

Seint måndag vart det klart at dei ni store, kvite bokstavane i åssida vert ståande også i framtida, melder politiken.dk.

- Dette er eit symbol på draumar, moglegheiter og håp, sa guvernør i California Arnold Schwarzenegger på ein presskonferanse måndag.

Hollywood Sign for Sale

Guvernør i California Arnold Schwarzenegger er glad for at Hollywood-skiltet er redda.

Foto: Damian Dovarganes / Ap

Ville byggje luksusbustader

Ein eigedomsinvestor hadde planar om å byggje luksusbustader i området der det berømte skiltet står. For å redde dette symbolet på den amerikanske filmindustrien frå å verte fjerna, vart eit privat fond oppretta.

Som ein del av kampanjen for å redde landområdet frå utbygging vart også Hollywood-skiltet dekt av bodskapen «Save the Peak», altså «redd åsen».

Hollywood for Sale

I februar vart Hollywood-skiltet dekt med bodskapen om å redden åsen.

Foto: Reed Saxon / AP

Måndag kom altså meldinga om at fondet no har samla inn dei naudsynte 12,5 millionar dollar, med Playboy-gründer Hugh Hefner si innbetaling på 900.000 dollar. Med dei innsamla pengane kan fondet kjøpe landområdet der skiltet er.

Fondet har fått private bidrag frå alle dei 50 amerikanske statane, frå ti ulike land, og mellom kjendisane som har bidrege med pengar er skodespelar Tom Cruise og regissør Steven Spielberg.

Symbolet på filmdraumen

Hollywood-skiltet

Slik har Hollywood-skiltet sett ut sidan 1932 - no vert det ståande.

Foto: Reed Saxon / AP

Hollywoodskiltet vart sett opp i 1923, og skulle eigentelg marknadsføre eigedomssal i området. Men med veksten i filmindustrien i Los Angeles vart skiltet eit viktig symbol for filmverda.

- Barndomsdraumane og fantasiane mine kom frå filmverda, og dei bileta som er skapt i Hollywood har hatt enorm innverknad på både mitt og Playboys liv, uttalte Hugh Hefner.

Kulturstrøm

  • Låter fra Universal Music på vei tilbake til TikTok

    Musikk fra Universal Music vil igjen bli tilgjengelig på videoplattformen TikTok, melder partene i en pressemelding.

    Det skjer etter at partene har blitt enige om en ny lisensavtale.

    Universal Musics musikk har vært borte fra TikTok siden 1. februar i år.

    Universal Music mente den gang at TikTok forsøkte å bygge en musikkbasert virksomhet uten rettferdig betaling for musikken.

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP