Hopp til innhold

Haute couture på museum

Designer Per Spook har gjeve 20 av sine kreasjoner til Nasjonalmuseet. Fredag opna utstillinga med haute couture-antrekk på Kunstindustrimuseet i Oslo.

Per Spook

Klede designa av Per Spook vert no stilt ut på Kunstindustrimuseet.

Foto: Kristine Thelle / NRK

Seniorkurator ved Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design Anne Kjellberg er svært lukkeleg over at dei kan stille ut antrekka Spook har donert til museet.

- Dette er ein draum som vart verkeleg. Det er ikkje ofte ein opplever noko slikt som museumskurator. Det er heilt unikt, seier Anne Kjellberg.

Viktig kulturhistorie

Per Spook og Anne Kjellberg

Per Spook og kurator Anne Kjellberg.

Foto: Kristine Thelle / NRK

Dei 20 kreasjonane vert synt fram i glasmontrar på Kunstindustrimuseet. Lyset er dust for å verne dei skjøre materiala, tekstilane toler nemleg ikkje for mykje lys, fortel designaren sjølv.

Per Spook har vore framsynt nok til å ta vare på enkelte av kleda han har laga mellom 1977 til 1994. Kurator Anne Kjellberg meiner antrekka Spook har designa er viktige for ettertida.

- Det er ein veldig viktig del av kulturhistoria vår, seier Kjellberg.

Vaks opp med mote

- Eg byrja tidleg, eg vart interessert i klede og mote allereie då eg var fem-seks år. Mor mi hadde atelier, så eg vaks opp med mote.

Etter å ha teke diplomeksamen ved motelinja på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo reiste 20 år gamle Spook til Paris for å gå eitt år på skule der. Men han gjorde det så bra at han vart verande i 40 år. Han var den første nordmannen som opna eige motehus i Paris.

- Eg er veldig fransk. Men eg føler meg absolutt norsk også, seier Spook.

- Treng ein plan

Spook seier han følgjer med på norske klesdesignarar. Spook er usikker på om det er mogleg å for unge designarspirar å gjere karriere på same måte som han.

- No er det andre retningar. Ein må i alle fall gjennom ein prosess, for å få dette til å fungere. Det er mykje som skal til, det er ikkje berre å teikne klede, ein må tenkje på kven ein teiknar for, og ein må ha ein stad å selje kleda. Det er eit heilt system, og det må ein planleggje, seier Spook.

Han trur norske designarar i dag må tenkje meir kommersielt for å hevde seg internasjonalt.

Spook-genseren

Per Spook haute Couture

Peer Spook i utstillinga som opna på Kunstindustrimuseet i dag.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Den norske motekongen i Paris har designa kjolar for Sophia Loren, Dronning Sonja og Jane Fonda, men i Noreg er han kanskje mest kjend for Per Spook genseren, som han designa for Husfliden. Strikkemønsteret til genseren er framleis å få kjøpt, men dagleg leiar Hege Andresen på Husfliden i Oslo fortel at salet går litt opp og ned.

Men Per Spook vil helst verte hugsa for andre ting enn Husflid-genseren.

- Eg vert nok hugsa for å vere motedesigner eller motekonge i Paris, eg trur det er det som sit. Det er spesielt at nokon har hatt eit eige motehus i Paris, det er det eg er kjend for overalt.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters