Trond Kirkvaags bok "Kom ikke nærmere. Jeg og far" skulle egentlig ikkje lanserast før seinare i haust. Men no har både forfattaren og forlaget skifta meining.
- Både Trond Kirkvaag og forlaget meiner at fokuset på boka har vore for einsidig. Det yt ikkje boka rettferd. Vi vil at flest mogleg skal få lese boka så fort som mogleg. Dei einsidige konfliktfokuserte skildringane i tabloidane skal ikkje få stå uimotsagde, seier Rasa Ziburkute.
Ei påkjenning
Trond Kirkvaags skildring av oppveksten, og det til tider konfliktfylte forhold til faren Rolf Kirkvaag, har fått mykje spalteplass i avisene den sista tida. Ziburkute seier at mediepresset har vore ei påkjenning for både Trond og familien hans. Men dei visste på førehand at boka kom til å få mykje merksemd.
- Vi var førebudde på at dette var interessant stoff for media. Og Trond visste at det kom til å bli eit trykk på dei negative sidene, men han står 100 prosent for det han har skrive. Det er spesielt at forfattaran er sjuk no, men slike ting kan ein ikkje gjere noko med.
Brei støtte
Ho fortel at det er stor interesse for boka også ute blant publikum, og at forfattaren har fått brei støtte.
- Vi har fått enormt med sms, telefonar og e-post frå publikum. Mange lurer på når boka kjem, og det er mange støtteerklæringar til Trond. Han har fått mange e-postar, og det har han sett stor pris på.
På grunn av sjukdomen er ikkje Trond Kirkvaag tilgjengeleg for intervju i samband med lanseringa. Men har skrive desse orda til forlaget: