Hopp til innhold

Forfattaropprop mot politi-hijab

Norske forfattarar og over femti tusen på Facebook protesterer mot politi-hijab.

Forfatter Anne B. Ragde.
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Forfattar Anne B. Ragde har fått nok av hijab-bråket. Saman med fleire andre profilerte forfattarar, har ho no skrive under på eit opprop mot regjeringa sitt forslag om å tillate bruk av hijab i politiet.

- Når ein er i uniform skal ein ikkje flagge verken kjønn eller religiøs overtyding. Eg synest det er trist å sjå at kvinner i eit fritt Noreg ikkje kan gå utildekt.

- Befriande at det er ulovleg

Politikvinner med hijab

Politikvinner i England, der religiøse hovudplagg er i bruk i politiet.

Foto: METROPOLITAN POLICE / AFP

I oppropet heiter det mellom anna at regjeringa må halde politiuniforma verdinøytral og likestilt.

Blant dei som har skrive under, finn vi også forfattarane Ingvar Ambjørnsen, Unni Lindell og Jon Hustad. Hustad syner til at mange muslimske politikvinner sjølve er negative til forslaget.

- Når det ikkje er lov til å bruke hijab i politiet, kan heller ikkje omgivnadane presse kvinnene til å bruke hovudplagget. Og dette synest dei sjølve er befriande.

Omdiskutert lovforslag

Forrige onsdag opna Justisdepartementet og Politidirektoratet for å endre uniformsreglementet til politiet, og tillate bruk av religiøse hovudplagg.

Lovendringsforslaget har skapt ein oppheita debatt, også innad i politiet og i regjeringspartia.

Ragde trur at polititenestekvinner i hijab i praksis aldri vil bli likestilte med sine kollegaer.

- Hijab vil gjere arbeidskvardagen i politiet særs vanskeleg. Kollegaer kjem ikkje til å ville ha dei med på utrykking til moskear til dømes. Politikvinner med hijab kjem i beste fall til å ende opp i kontorstillingar.

Brei motstand

Jon Hustad

Forfattar Jon Hustad meiner lovforslaget er feilslått.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Den massive kritikken har foreløpig stogga lovforslaget.

Men justisminister Knut Storberget har sett Politidirektoratet i gang med å finne ei ny løysing for religiøse hovudplagg i politiet.

På Facebook har protestgrupper mot politihijab passert femti tusen medlemmar. Forfattar Jon Hustad meiner dette syner at lovforslaget er feilslått.

- Folk er lei av og frustrert over ei regjering som instisterer på at vi er ulike. At vi ikkje tilhøyrer dei samme gruppene, og ikkje deler universelle verdiar.

- Dødfødt

Striden rundt blasfemiparagrafen førte til at samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) måtte beklage lovforslaget på direktesendt radio .

Anne B. Ragde meiner regjeringa no er inne på eit liknande feilspor med politi-hijaben, og oppfordrar politikarane til å leggje vekk planane for godt.

- Eg trur denne saka har vore ein politisk hestehandel innad i regjeringa, på samme måte som blasfemiparagrafen. No må dei berre leggje heile saka død.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.