Hopp til innhold

«Alle» lot seg lure til å tru at Justin Bieber er i Noreg

Eit bilde av inngangspartiet til Oslo City skulle få folk til å tru at superstjerna Justin Bieber er her i landet.

Oslo City

IKKJE BIEBER: Det skal ha vore ein representant for plateselskapet Universal som har tatt bildet av inngangen til Oslo City.

Foto: @lilbieber på Instagram / NRK

Beliebers frå heile verda gjekk nærast amok med liker-knappen på Instagram då bildet frå Oslo sentrum blei publisert.

Eitt av bileta er tatt inn på Oslo S, men verken Justin eller kona Hailey er på nokon av bileta.

Derimot ligg det ei rekke bilete av ekteparet saman i Sveits.

– Kan stadfeste at bileta er tatt av leverandøren av PR-kampanjen i Noreg, seier Camilla Shoaei i plateselskapet Universal.

Dermed er det ikkje Justin Bieber sjølv som har vore på Oslo S og Oslo City.

Dette er eit ledd i PR-kampanjen for albumet Swag som kom ut for få dagar sidan.

Albumet består av 21 låtar og duettar, der Bieber syng saman med artistar som Gunna, Sexyy Red, Dijon, Lil B, Cash Cobain, Eddie Benjamin, Marvin Winans, samt komikaren Druski i sketsjar.

Thea Magnussen frå Kristiansand er stor Bieber-fan. Hadde han vore her, så hadde ho reist til Oslo.

– Eg klarar liksom ikkje heilt å sjå for meg at han skulle feriert i Noreg. Kva skulle han gjort her, eigentleg, seier Magnussen.

Oslo S

Dette bildet frå Oslo S ligg også ute på Instagram-kontoen til Bieber.

Foto: Instagram/@lilbieber
Justin Bieber og Hailey Bieber i Sveits

Justin Bieber og Hailey Bieber i Sveits.

Foto: @lilbieber på Instagram / NRK

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska