Hopp til innhold

Varslar annonsørflukt for fotballfrue

Fleire annonsørar vil flykte frå bloggen Caroline Berg Eriksen etter at det har blitt avslørt juks. Det trur det største mediebyrået i Norge, Mediacom.

Caroline Berg Eriksen

INNRØMMER FEIL: Bloggar Caroline Berg Eriksen skreiv i eit innlegg måndag morgon at dei har gjort feil. I tillegg fortalde ho om at ho har det veldig tungt no på grunn av massiv netthets.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Eg trur at dei vil tape på dette og at nokre annonsørar kjem til å trekke seg eller vegre seg for å starte samarbeid. Ein del bedrifter vil reagere på dette og finne andre stader å annonsere eller marknadsføre produkt, seier Aimar Niedzwiedzki, i Mediacom.

Bloggen blei først tatt for å ha publisert manipulerte bilder og no har dei innrømma å ha skrive under falske navn slik at ein trur det er lesarane som står bak kommentarar på blogginnlegga.

- Vil tape

TAPER IKKJE ALT: – Bloggen kjem ikkje til å tape alt på dette. Men, ein del vil trekke seg, seier Aimar Niedzwiedzki i Mediacom.

Foto: MEDIACOM

–Har samfunnsansvar

Niedzwiedzki er leiar av ei avdeling i Mediacom som blant anna kjøper inn annonseplassar i sosiale medier og bloggar. Han meiner at bloggarar har eit ansvar for det dei skriv:

–Driv ein blogg eller nettside så har følger det eit samfunnsansvar for at det som står der skal vere sant og rett.

Ein av dei to eigarane av "Fotballfrue", Lars-Kristian Eriksen, har innrømma til VG at han har kommentert i bloggen under falsk namn. Lesarar har også publisert skjermdump frå bloggen som kan tyde på at ein av dei to har kommentert innlegg der dei utga seg for å vere lege og ernæringsfysiolog.

– Vil slite med produktet

Kjetil Mannheim er dagleg leiar av Blogg.no, Noreg sitt største bloggsamfunn. Han seier at det har skjedd at bloggarar har juksa og skrive med falske namn i kommentarane før. Men, dette er ikkje vanleg:

–Heile bloggen si truverd som annonseprodukt handlar om forholdet til lesarane. Om dette viser seg å ikkje vere ekte så slit bloggaren veldig med produktet sitt. Då slit ein både ovanfor annonsørane og lesarane, seier Mannheim.

Tente 3,2 millionar

Bloggen Fotballfrue har mellom 60-70.000 daglege lesarar og har ofte vore den mest leste bloggen i Norge. I 2013 så omsette selskapet bak bloggen, Treasures AS, for 3,2 millionar kroner. Caroline Berg Eriksen og Lars-Kristian Eriksen eig begge kvar 50 prosent av Treasures.

I Brønnøysundregistra så står det at selskapet driv med:

"Detaljhandel og nettbutikk av smykker, vesker, sko og liknande til privatkundar. Nettbutikken marknadsførast også via blogg, som seljar annonseplass til bedriftskundar".

Verken Caroline Berg Eriksen eller Lars-Kristian Eriksen har svart på NRK sine tilbod om intervju. Caroline Berg Eriksen er utdanna journalist og Lars-Kristian Eriksen spelar i eliteserien i fotball for Odd Grenland.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.