CD-formatet har nyleg runda 30 år på marknaden, og spekulasjonar i når CD-en skal døy har pågått ei god stund.
Petter Singsaas i Universal Music uttalte nyleg at dei forventar at om lag 30 prosent av 2012-omsetninga kjem frå fysisk sal, og at talet vil gå mot 15 prosent i 2013.
Les:
– Vil nok bli reservert tullingar som meg
Så kor mørkt ser det ut for CD-formatet? Lydverkets programleiar Asbjørn Slettemark, med ei CD-samling på rundt 10000 album, trur formatet vil få ei skjebne som liknar vinylens:
– CD-en kjem til å finne sin trygge, vesle plass i spesialbutikkar, ved sidan av vinyl, seier Slettemark til NRK.
– Det kjem til å verte eit nisjeprodukt for dei interesserte og eit gåveprodukt for dei litt eldre. For det breie publikum vil nok CD-en forsvinne stille og roleg ut i augekroken – den vil nok bli reservert tullingar som meg, som har tusenvis av CD-ar ståande i gangen. Det kan jo hende bensinstasjonane framleis vil ha nokre CD-ar med danseband og dei største popartistane om ti år, men eg tvilar på det.
Ikkje nøgd med streaminglyden
Asbjørn Slettemark synest det allereie heftar noko gammaldags ved CD-en:
– Eg kjenner meg nesten som ein arkeolog når eg kjøper CD-ar, og har inntrykk av at dei største lydfantastane kjøper mest vinyl, seier han.
– Eg har eit par tusen vinylplater også, men det er litt mykje styr med dei – CD-ar er litt enklare, meir praktisk. Eg likar dessutan lyden frå CD-ar, og det å ha eit ark med tekstane i.
Slettemark synest ikkje streamingtenestene kan konkurrere med CD-formatet når det gjeld lydkvalitet:
– Eg er ikkje nøgd med lyden på Spotify og Wimp. Og eg har færre problem med sjølve avspelinga frå CD, det blir mindre rot.
– Først og fremst musikksamlar
Til sjuande og sist er musikken viktigare enn formatet for Asbjørn Slettemark:
– Først og fremst er eg musikksamlar, ikkje CD- eller vinylsamlar. Det er ikkje så nøye om eg har førsteutgåva av eit Led Zeppelin-album – om eg har ein god CD-versjon, held det lenge for meg.
Det er rett nok ikkje alle CD-platene som gir god nok lyttaroppleving:
– I byrjinga var lyden på ingen måte perfekt. Eg har nokre CD-ar frå seint 1980- og tidleg 1990-tal som eg måtte kjøpe på nytt då dei kom ut remastra, for dei let heilt forferdeleg.