- Eg har lyst på litt fleire damer rundt meg. Eg har ikkje lyst til å gå på skule med bare gutar og ha bare mannlege lærarar, seier Nina Kristine Linge, ei av initiativtakarane til jazzcamp for jenter som blei arrangert i Trondheim i helga.
Eit vedvarande problem
Linge meiner at det står dårleg til med likestillinga i norsk jazz.
- Så dårleg at me må arrangera ein jazzcamp bare for damer.
I Norsk jazzforum er det ein kvinneandel på berre 14,5 prosent. Og dei fleste av desse er vokalistar. Mangelen på kvinner innan jazzmiljøet i Norge er ikkje eit nytt, men eit vedvarande problem.
- Ikkje nok å ta av
I november i fjor påla kulturministeren Trondheim Jazzorkester å få kvinner med i den faste staben i orkesteret, men det viste seg å vera enklare sagt enn gjort.
- Trond Giske har forstått at det ikkje bare går an å kreva at kvinner skal inn i orkesteret. Det er sjølvsagt eit ønske for oss også, men det er rett og slett ikkje så mange kvinner å ta av, seier Eirik Hegdal frå Trondheim Jazzorkester.
- Jazzfeltet har på mange vis blitt eit maskulint fellesskap, og det kan vera vanskeleg for kvinnelege utøvarar å finna seg til rette der. Det er også få rollemodellar, seier Heidi Stavrum, som har forska på temaet jenter og jazz i Norge.
- Viktig med oppmuntring
Stavrum meiner at det ikkje er så lett å gjera noko med likestillinga i det profesjonelle miljøet, men at ein kan gjera noko for dei yngre utøvarane
- Det går til dømes an å oppmuntra jenter i kulturskulen til å setja seg bak trommesettet i staden for stilla seg bak mikrofonen. I Sverige har dei også hatt vellykka forsøk med reine jazzklassar for jenter på ein folkehøgskule. Jazzkamp for jenter høyrest ut som eit bra tiltak som kan inspirera jenter til å satsa profesjonelt på jazz.
Jazzcamp
17 år gamle Nina Hagen Kaldhol, synest ho har lært mykje ved jazzcampen for jenter:
- Det er spennande å sjå at det er mange som er utruleg flinke, og at vi kan læra mykje av kvarandre.
- Dette skal bli et årlig arrangement. Og me skal ekspandera, me har store planar! seier intiativtakar Nina Kristine Linge.