Statsminister Geir Haarde som ein gris.
Foto: Øyvind Andre Haram / NRKKronekurs, det siste nye frå uroa kring bankane, sportsresultat og vér vert presentert som hovudnyheiter på islandsk TV2 25. oktober. Demonstrasjonen i Reykjavik tidlegare på dagen, der fleire tusen demonstrerte, kjem fyrst langt ute i sendinga.
Demonstrasjonane er hovudsak i utalandske medier både i Europa og i USA. Her fortel ein om fleire tusen som gjekk gjennom gatene i Reykjavik.
- Islandsk media gjer ikkje jobben sin, seier Koldfinna Baldfinnsdottir til NRK. Ho er ein av initiativtakarane bak demonstrasjonane dei siste vekene.
Med roperten i handa har ho sjølv prøvd å vekkje det islandske folket, for å ta til motmæle. Ho trur folk no er i ferd med å vakne
- Eg trur folk no er samde i at dei er lei av situasjonen. Dei ser og les heller nyheiter frå utlandet. Finansavisa Financial Times kom med ei tosiders oppslag, der dei fortalde kva som hadde skjedd her hos oss. Statsminister Geir Haarde svara på dette dagen derpå. Han sa at dette var berre tull. Men på direkte spørsmål om kva han meinte var sanninga, sa han at han ikkje kunne seie noko, fortel Baldfinnsdottir.
Demonstrantar i Reykjavik.
Foto: Øyvind Andre Haram / NRK- Fasaden slår sprekker
Laura Omarsdottir er journalist og har vore skribent i avisa Morgonbladi i fleire år – før ho mista jobben, som følgje av nedskjeringane. Ho hevdar mykje av årsaka til den lite kritiske pressa er alle dei nære banda som er på Island.
- Alt er knytt saman. Alle har eit band hit og dit. Slik er det også i media. Eg trur det gjer at mange journalistar ikkje tør vere kritiske nok - det handlar om habilitet. Her på Island er det nesten umogeleg å ikkje kjenne folk, seier Omarsdottir.
Islandsk media tel tre store tv-kanalar og ei rekkje aviser - men bak det heile står selskapet Baugur, som også har vore sterkt inne i fleire av bankane. Mange hevdar finanseliten har styrt kva media fortel om dei siste åra, og særleg dei siste vekene.
Ole Tynnes har vore journalist i 40 år på Island, dei siste 20 i Kanal 2 som er eigd av Baugur. Han meiner kritikken som no kjem er usakleg:
- Det er sjølvsagt delte meiningar, men dette synes eg er dumt, seier Tynnes.
- For tre veker sidan trudde vi at vi levde i eit roleg og stille samfunn. Men brått slår fasaden sprekker og vi byrjar å sjå driten som er feia under teppet, seier Koldfinna Baldfinnsdottir.