– For første gong er det ikkje snakk om éin brann i eitt område. Det brenn i alle regionane. Dette er eit teikn på klimaendringar vi er nøydde til å tilpasse oss til.
Det seier førsteministeren i provinsen Manitoba, Wab Kinew.
Den canadiske provinsen Manitoba opplever den verste starten på skogbrannsesongen på fleire år.
DRAMATISKE BILETE: Flyfoto viser omfanget av ein av skogbrannane i Canada.
Foto: Manitoba Government / Reuters / NTBDRAMATISKE BILETE: Flyfoto viser omfanget av ein av skogbrannane i Canada.
Foto: Manitoba Government / Reuters / NTBOver 17.000 menneske blir evakuerte frå område der brannar truar.
– Dette er den største evakueringa dei fleste i Manitoba kan hugse, seier Kinew.
Han opplyser det nå er erklært krisetilstand i heile provinsen, som ligg sentralt i Canada.
Kinew har bede Canadas statsminister Mark Carney om å gi militæret fullmakt til å bidra med evakuering og sløkkingsarbeid.
Håpet er at militærfly kan hente folk ut frå avsidesliggande småsamfunn i nord.
Store område er råka
Det er for tida 134 aktive brannar i ulike delar av Canada, mellom anna i provinsane British Columbia, Alberta, Saskatchewan, Ontario og Manitoba. Over halvparten av desse brannane er ute av kontroll.
22 av dei aktive brannane er i terrenget i Manitoba.
Den siste månaden er nesten 2000 kvadratkilometer svidde av, opplyste Kirstin Haywards i Manitobas skogbrannvesen nyleg.
Det er omtrent like mykje om heile Vestfold fylke og er tre gonger så mykje som årsgjennomsnittet i Manitoba dei siste fem åra.
Eitt av områda som blir evakuerte, er byen Flin Flon, der 5000 innbyggarar har fått beskjed om gjere seg klare til å flykte på kort varsel frå ein skogbrann som nærmar seg byen.
Også folk i fleire andre avsidesliggande byar og urfolkssamfunn har fått beskjed om å forlate heimstadene sine.
Det er venta at dei fleste evakuerte blir sende til provinshovudstaden Winnipeg.
Studie viser årsak
Mange forskarar er samde om at menneskeskapte klimaendringar bidrar til fleire og meir omfattande skogbrannar.
Ikkje minst gjeld det dei omfattande skogbrannane som herja Los Angeles i januar, der mange menneske mista livet.
Ei studie viser at dei varme, tørre og vindfulle forholda som dreiv brannane var 35 prosent meir sannsynlege på grunn av oppvarming som kan knytast til forbrenning av olje, gass og kol, viser studien.
(NTB / NRK)