Hopp til innhold

Vil opne danseakademi

Laurdag dansa Hallgrim Hansegård og Frikar seg til Moskva. Nå vil han ta med seg dansekompaniet til Valdres.

Hallgrim Hansegård

Ved denne gamle skulen i Valdres ynskjer Hallgrim Hansegård å opne danseakademi.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

Det er på ein gammal nedlagt skule i Rogne i Valdres koreograf og dansar Hallgrim Hansegård vil lære opp nye fri-karar.

Dansekompaniet Frikar har vorte kjende for sin akrobatikk og blanding av tradisjonell norsk folkedans og moderne dans.

Nå ynskjer Hansegård å flyttte Frikarkompaniet og deira opplæring frå Oslo og heim til Valdres.

Grand Prix-suksess

Dansekompaniet har imponert mange med sine krumspring dei siste åra, men det var fyrst etter sin Grand Prix-opptreden saman med Alexander Rybak at heile landet oppdaga Frikar.

Som dei fleste nok har fått med seg gjekk Rybak heilt til topps , og dermed blir det tur til Moskva for Frikar og Hansegård.

- Ein av grunnane til at vi stiller i Grand Prix er jo at det er eit skikkeleg utstillingsvindauge i heile Europa. Og nå virkar det som om heile landet har fått opp augene for dansegleda som er i dansetradisjonen vår.

- Kan trekkje folk til Valdres

Denne veka var Hansegård i møte med Øystre Slidre kommune og diskuterte moglegheitene for skulen i Rogne.

Den snart 100 år gamle bygninga skal eigentleg rivast, men Hansegård og Frikar har store planar for skulen.

- Her kan vi slå ut taket to etasjer oppover, så kan vi lage ein sal som går heilt opp til loftet, draumer han.

Og dersom dei klarar å etablere seg i Valdres, trur Hansegård at dei kan trekkje mykje spenstige folk til regionen.

- Eg har tru på at dersom vi klarar å få til eit slikt miljø i Valdres, kan vi gje dansarar fleire oppdrag enn det dei Oslobaserte dansekompania kan gje. Så vi kan faktisk dra folk frå byen til å bu i Valdres i perioder.

FRIKAR

Frikar og Hallgrim Hansegård ynsker å lage eit danseakademi i Valdres.

Foto: Festspillene i Bergen