Hopp til innhold

Vil leve av å fotografere

LISMARKA (NRK): Ni-ti år gamal byrja Aleksander Myklebust å tusle rundt med det han kallar eit «pocketkamera». No har han vunne fleire prisar for fotografia sine og gir snart ut si andre bok.

Aleksander Myklebust

KAMUFLASJE: I skogen rett ved huset Myklebust vaks opp i står eit heimelaga kamuflasjetelt der han har brukt tallause timar på å fotografere dyreliv.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Eg var veldig interessert i fuglar, så eg byrja å ta bilete av dei. Så glei interessa gradvis over til sjølve fotograferinga, seier Aleksander Myklebust.

Sidan han var barn har fotointeressa vakse og han håpar å kunne leve av interessene sine i framtida.

Er veldig glad i naturen

Han tek bilete av alt frå fuglar til bryllaup og sport. Han har ingen favorittmotiv, for det er ikkje nødvendigvis motivet som er motivasjonen for fotograferinga.

– Eg tek bilete av det meste. Det er opplevinga rundt som styrer og dyr og natur er veldig spennande, seier Myklebust.

Aleksander Myklebust

LIDENSKAP: Aleksander Myklebust er lidenskapleg oppteken av naturen.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

No har den unge fotografen akkurat gjort seg ferdig med si andre bok som heiter Dyremøter. Boka har han skrive for barn og unge og inneheld bilete av 23 ulike norske dyr og tekstar om desse. Interessa for å fotografere dyr har han hatt lenge, og har brukt tallause timar i skogen i Lismarka der han vaks opp.

Heiderleg omtale

Foto, Aleksander Myklebust

OMTALA: I Monochrome Awards i år var det sendt inn bilete frå 81 land. Myklebust vart blant anna premiert for dette.

Foto: Aleksander Myklebust

Myklebust har fått fleire utmerkingar for bilete han har teke. Han deltok i Monochrome Awards i år, som er ei verdsomspennande fotokonkurranse, der han fekk heiderleg omtale på heile tre av fire bilete.

– Det var over all forventning. Eg tenkte eg fekk prøve å sende inn nokre bilete, og det var veldig artig at tre av dei blei premiert, seier Aleksander Myklebust.

Stort fotoprosjekt i utlandet

I starten av februar legg Myklebust ut på ei to månader lang reise til Asia som ein del av eit skuleprosjekt. Til våren er han ferdig utdanna, men han har allereie mykje erfaring i arbeidslivet. Han har levert stoff til fleire redaksjonelle medium og gjer kommersielle oppdrag.

– Draumen er å klare å overleve på det eg har drive med til no. Lage reportasjar og bøker og fotografere. Eg har aldri hatt større draumar enn det, seier 23-åringen.

Aleksander Myklebust

NATURFOTO: Myklebust tek mykje bilete på turar i naturen. Her frå ein skitur gjennom Visdalen.

Foto: Aleksander Myklebust