Hopp til innhold

Vart ringt av sambuaren under campingvogn-dramaet: – Ein frykteleg situasjon

Natt til tysdag fekk Einar Tøndel ein telefon frå sambuaren sin om at det skjedde ting rundt ho i campingvogna som ho ikkje forstod. Så hamna alle på sjukehus.

BLEI OPPRINGT: Einar Tøndel ringde til 113 etter at han hadde snakka med sambuaren sin som var ein av dei fem i campingvognene.

RINGT OPP: Einar Tøndel ringde til 113 etter at han hadde snakka med sambuaren sin som var ein av dei fem i campingvognene.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Tidlegare på kvelden hadde dei fem personane i campingvogna ete og kost seg i forteltet.

Men så snudde stemninga. Det hadde stilna og latteren var borte.

– Ho var heilt på tuppa. Eg skjønte ingenting av kva som skjedde, seier Tøndel.

Ifølge Tøndel skal dei ha starta eit straumaggregat inne i forteltet.

Ifølge Tøndel skal dei ha starta eit straumaggregat inne i forteltet.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Naudetatane rykka så ut til campingvognene i Rendalen.

Der fann dei fem bevisstlause, vaksne personar.

Fire av dei vart omtala som kritisk skadde og sendt til Ullevål sjukehus.

Den siste, sambuaren til Tøndel, vart sendt til sjukehuset på Tynset.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 01.12 natt til tysdag.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 01.12 natt til tysdag.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

På betringas veg

Tysdag ettermiddag skal ingen av dei involverte vere kritisk skadde lengre.

– Tilstanden for dei fire personane som er innlagt ved Oslo universitetssjukehus er framleis å omtale som alvorleg, men ikkje lengre kritisk, skriv Katharina Lende ved sjukehuset i ein SMS.

– Pasientane er i betring, men det er vanskeleg å seie om hendinga vil kunne få helsemessige konsekvensar for dei på sikt, skriv ho vidare.

Politiet mistenker at personane vart forgifta frå kullos eller annan gass.

Krimteknikarane kom til staden i tolvtida tysdag. Politiet held alle moglegheiter opne, sjølv om dei førebels ikkje trur noko straffbart har skjedd.

Krimteknikarane kom til staden i tolvtida tysdag. Politiet held alle moglegheiter opne, sjølv om dei førebels ikkje trur noko straffbart har skjedd.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

– Så alvorleg som dette var, så vil eg seie at dette er det beste resultatet vi kunne håpa på, seier Tøndel.

Sambuaren hans vart skriven ut av sjukehuset tysdag, mens dei øvrige truleg blir skrive ut onsdag eller torsdag, ifølgje han.

– Korleis har sambuaren din det?

– Ho er veldig glad. Det er vi alle. Det er klart at ho er trøytt og sliten, men når ho får henta seg inn igjen, så er ho nok like god som ny.

Ikkje mistanke om noko straffbart

Krimteknikarane kom til staden i tolvtida tysdag. Politiet meiner at det ikkje skal ha skjedd noko straffbart.

– Basert på opplysningar frå staden gjer at vi foreløpig ikkje mistenker at det har skjedd noko straffbart. Men vi er framleis tidleg i undersøkingane og held alle moglegheiter opne til vi får sett nærare på det, politiadvokat Anders Møllersen.

Ifølge Tøndel skal dei ha starta eit straumaggregat inne i forteltet.

Kullos er både lukt- og smaksfritt og kan forårsake indre kveling i kroppen. Under kan du lese meir:

Dagleg leiar Ola Sverre Moen ved Norske moseprodukt bekreftar til NRK at personane var tilsette ved bedrifta, men ønsker på nåverande tidspunkt ikkje å kommentere saka.

Arbeidstilsynet er varsla om hendinga. Seksjonsleiar Kirsti Been-Tofte seier at dei har dialog med politiet og ventar på vidare oppfølging.

Rendalen-campingvogn-110624

Krimteknikarane kom til staden i tolvtida tysdag

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen