Fylkesordfører Hans Seierstad seier takk for seg i fylkespolitikken, men kan kome attende som ordførar i Østre Toten.
Sp mest fram
Senterpartiet gjer det da og best av partia på Østre Toten. Dei går fram til 26,5 prosent, noko som er fem prosent meir enn i fjor.
Partiet får to nye representantar og sit med ei partigruppe på ti medlemmar.
Men det er likevel ikkje klart om kven som blir ordførar. For det kan bli ein debatt mellom Arbeidarpartiet, SV og nokre andre parti om kven som skal få ordføraren.
Arbeidarpartiet og SV har i kommunestyret 17 representantar. Dei treng dimed berre støtte frå to andre representantar for å få makta.
Og det er duka for mange parti i kommunestyret i Østre Toten.
Pensjonistpartiet inn
Pensjonistpartiet i Østre Toten kjem inn med ein representant i kommunestyret. Det same gjer Venstre.
Vidare får KrF inn to representantar. Ap og SV kan få støtte frå eit av desse partia for å kome i posisjon.
Høgre har varaordføraren i dag og dei får inn to representantar, ein mindre enn i dag.
Dei neste dagane vil det bli sonderingar om korleis den framtidige maktstrukturen vil sjå ut i Østre Toten.