Sjølv om forholda absolutt ligg til rette for juletreproduksjon i skogfylka Hedmark og Oppland, er produksjonen heller laber.
Berre 20 prosent av juletrea til innlandsfylka blir produsert her. Mens det er Rogaland som er det store juletrefylket her i landet.
Danske juletre dominerer
Sjølv om skogbrukarar i Hedmark og Oppland til og med sel juletre på internett, klarer dei ikkje produsere nok juletre til heimane i innlandet.
Danske juletre dominerer til dømes hjå Plantasjen, som sel flest juletre her i landet. Trailarar fraktar rundt 40.000 danske juletre til Norge.
Nordmennene byrjer imidlertid å ta opp kampen, med Rogaland i føringa.
- Makelege innlendingar
Harald Moen frå Nord-Odal kan byrje hogge juletrea han planta for sju år sidan. Han trur ikkje det er tilfeldig at rogalendingane er leiande i juletreproduksjon:
- Vi er meir makeleg her i innlandet, veit du, seier Moen.
- Rogalendingane har ei anna innstilling, dei er gode både produsentar og økonomar. Men Moen meiner forholda for grandyrking er best i Hedmark og Oppland.