Hopp til innhold

Da postkort var storindustri

Du har garantert sendt, fått eller lese eit postkort teke av fotofamilien Normann på Hamar. Nå blir det laga dokumentar om postkortfotografane.

Video Lagar dokumentarfilm om postkort

Lagar dokumentarfilm om postkort

– I 1916 flytta Carl med familien til Hamar. Det einaste dei eigde var kameraet, sykkel og pågangsmot. Det var her i Mjøsbyen det skulle starte for alvor.

Slik startar dokumentaren om fotografane Normann som blir laga på Hamar. Tor Melgalvis og Jonathan Learn jobbar på spreng for å den klar for visning på NRK i romjula.

20.000 postkortmotiv

Carl Normann

Carl Normann starta som fotograf i 1906.

Foto: Frå filmen "Postkort fra Norge / Normann

Carl Normann var berre 20 år starta verksemd som fotograf i 1906. Han starta i Trondheim, flytta vidare til Christiania, før han altså kom til Hamar i 1916. Han var særleg ivrig til å ta bilete av kjende fjellmotiv og turiststader, og i byrjinga brukte han sykkel for å kome seg fram.

– Vi fekk ideen da vi jobba med ein dokumentar om Hjalmar "Hjallis" Johansen. Da såg vi at mange av bileta var teke av Carl Normann, og at det kunne ligg ei historie der, seier Jonathan Learn.

Etter kvart tok sønene over verksemda. Familien Normann er heilt spesiell, og står bak minst 20.000 postkortmotiv, truleg enda fleire.

Fekk med sine eigne bilar

Dei to dokumentarfilmskaparane avviser at det er smalt å skulle lage om postkort.

– Alle har jo sett postkorta til Normann på stativ rundt omkring, så vi kan ikkje skjøne at dette er smalt.

Da fargefilmen kom for alvor i 1950-åra heldt sønene Normann, Arne og Harry, land og strand rundt for å ta bilete. Ofte klarte dei å få med sine eigne raude bilar på motiva.

– Nordmenn er jo postkortpionerar, og dette var storindustri for ein del år sidan. Men det har kanskje dabba av litt, men det er uansett Noregshistorie.

Tor Melgalvis og Jonathan Learn

Tor Melgalvis og Jonathan Learn lagar dokumentarfilm om familien Normann.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK