Hopp til innhold

Teater-ultimatum frå Hedmark

Krev at politikarane skal bestemme seg før 1. april.

Fra prøvene på Bygdejævler, Hedmark teater

Hedmark Teater vil helde fram for seg sjølv dersom politikarane ikkje snart bestemmer seg for om dei vil gå for Teater Innlandet. Her frå prøvene på Bygdejævler.

Foto: Erlend Moe / NRK

Spetakkelet omkring Teater Innlandet held fram. I dag kom Hedmark Teater, som er tiltenkt å ha ei hovudrolle i det komande fellesteatret, med eit klart ultimatum overfor politikarane i Innlandet.

Dei krev nemleg at politikarane bestemmer seg for om dei vil gå for det nye samarbeidet innan 1. april.

- Styret kan ikkje akseptere ytterlegare utsetjing av avgjerda, og vi understreker at dersom utfallet av fylkestingsbehandlingene blir negativt, held Hedmark teater fram som regionteater for folk i Hedmark.

Det seier ein svært klar styreleiar i Hedmark teater, Anne-Lise Bakken.

Les alt om bakgrunnen for Teater Innlandet her.

Strid om nye stillingar

Den siste konflikta omkring teatersamarbeidet kom tidlegare denne månaden, da Hedmark teater lyste ut fleire nye stillingar. Dette meinte mellom anna fylkesordførar i Oppland, Audun Tron, var upassande, og gav uttrykk for at Hedmark teater på denne måten tok seg til rette.

Les om Audun Tron sin reaksjon på oppland.no.

Hedmark teater meinte på si side at dei hadde fått lov til å lyse ut desse stillingane, men gav seg etter dei skarpe reaksjonene og la dei nye stillingane på vent.

- Teatersjef Else Braseth har presisert at denne beslutninga vil medføre færre teaterproduksjonar enn planlagt i 2010, seier Anne-Lise Bakken i si pressemelding.

Fylkestinga i Hedmark og Oppland skal etter planen behandle saka om Teater Innlandet i februar 2010.