Drøymer du om å ta påskeferien i Syden? I såfall er du lovleg seint ute.
Reisekonsulent Inga-Lill Albertsen på Lillehammer fortel om fulle fly og mykje leiting etter ledige plassar.
- Vil ha opplevingar
Albertsen meiner påskeferie på fjellet framleis er populært, men at folk ferierer meir, og derfor reiser dei også meir til sydlege strøk.
...med stranda i Syden.
Og opplendingar og hedmarkingar reiser ikkje berre på måfå, dei veit kva dei vil ha ut av ferien sin.
- Folk vil oppleva litt, nå reiser dei ikkje berre for å få sol og strand. Mange dreg med rutefly, leiger hus og bil og reiser rundt på eiga hand. Nå om vinteren er det Kanariøyene som er mest populært, seier Albertsen.
- Få plassar att
Ei ringerunde til forskjellige reisebyrå i Hedmark og Oppland syner at det er nettopp Kanariøyene som er mest populært.
Det er også en del som har oppdaga storbyferien som ein fin vårtur. Og folk har lært å bestille reise i god tid, både for å få dei hotella dei ønskjer og for å få gode prisar.
- Det er ikkje mange som tør å vente til siste liten for å satsa på billege restplassar, seier reisekonsulent Inga-Lill Albertsen. Dersom du hadde håpa på ein billeg påsketur i år er du lovleg seint ute, det er nemleg få ledige flysete å oppdrive i påskeveka.
Mange vil ta påskeferien i Syden, seier reisekonsulent Inga-Lill Albertsen på Lillehammer. Reporter Tone Merete Tho.
Eksotiske strøk
Folk NRK Hedmark og Oppland snakka med ute på gata i Lillehammer denne veka var delte i synet på om påska er tida for sydenferie.
Enkelte meinte altfor mange reiser til syden, og at det derfor er meir avslappande å halde seg heime. Andre meinte at å oppleva påskefeiring i utlandet er noko så stort og spennande, at fleire burde få det med seg.
Med påskeferie i utlandet, tenkjer mange Kanariøyene, men Inga-Lill Albertsen fortel at stadig fleire vel Thailand, og meir eksotiske strøk som Maldivene, Seychellene og Mauritius.
I år vil dessutan ekstra mange ta turen til USA i påska.