Det var dårleg sikt for brøytebilsjåføren onsdag.
- I dag er det rolege og fine forhold over Strynefjellet, seier brøytebilsjåfør Ola Prestjordet.
Riksveg 15 opna i 21-tida onsdag kveld, etter å ha vore stengt sidan onsdag morgon.
Mindre rasfare
Vegen vart stengt på grunn av sterk vind og rasfare. Nå skal rasfaren vera moderert, etter at det vart sprengt i Grasdalen onsdag.
- Men det er mykje laus snø på fjellet, så det kan bli problematisk dersom det blæs opp att, seier Prestjordet.
Det er venta mykje juletrafikk over Strynefjellet i dag.
Riksveg 51 over Valdresflye er vinterstengt frå og med vesle julekvelden, og riksveg 53 Tyin-Årdal er framleis stengt etter uværet.