Hopp til innhold

Startar ransaking av bustaden til Janne Jemtland

Politiet startar i dag med grundige undersøkingar av heimen til den sakna Janne Jemtland i Brumunddal. Samtidig har politiet undersøkt ein gjenvinningsstasjon utanfor Hamar.

Huset til den savnede kvinna

Politiet undersøker i dag heimen til den sakna kvinne i Brumunddal. Biletet er teke tidlegare i januar.

Foto: Arne Sørenes / NRK

To veker etter at 36 år gamle Janne Jemtland forsvann i Brumunddal, blir det framleis leita for fullt.

I dag har politifolk starta grundige undersøkingar i den sakna sin bustad i Ellevsætervegen. Både uniformerte politibilar og sivile bilar har køyrt inn i området.

Politiadvokat Julie Dalsveen i Innlandet politidistrikt seier i ei pressemelding at dei tidlegare har gjort overflatiske undersøkingar etter den sakna i bustaden.

– Vi gjennomfører ei tredjemannsransaking av Janne Jemtland sin eigedom der ho sist vart observert.

Ei tredjemannsransaking betyr at dei ransakar ein stad utan at det er mistanke mot nokon av dei som bur der.

Nå er det grunnlag for å gjennomføre grundigare undersøkingar. Dette blir gjort av kriminalteknikarar og vil ta tid. Bakgrunnen for ransakinga er at dette er siste stad Jemtland vart observert, opplyser Dalsveen.

Undersøkte gjenvinningsanlegg

Fredag formiddag starta etterforskarar frå Kripos med undersøking av gjenvinningsanlegget Heggvin utanfor Hamar. Dette anlegget ligg eit par mil frå Brumunddal.

Driftssjef Helge Alm seier at dei fekk melding i går ettermiddag om at politiet ville gjere undersøkingar der. Det er ikkje klart kva politiet leitar etter.

Sirkula sitt anlegg Heggvin tek imot avfall frå kommunane Hamar, Ringsaker, Løten og Stange på Hedmarken.

Kripos med bil på Heggvin avfalsplass på Hamar

Ein bil med etterforskarar frå Kripos kom til gjenvinningsanlegget Heggvin utanfor Hamar rundt klokka 10 fredag formiddag.

Foto: Sverre Holm-Nilsen / NRK

Leiter i Fagerlundvegen

Janne Jemtland forsvann frå heimen sin rundt klokka 2 natt til 29. desember. Det har vorte funne blodspor to stader, i tillegg til at signal frå mobiltelefonen hennar vart registrert i Brumunddal sentrum klokka 05.50 same morgon.

Samtidig som Kripos leita i gjenvinningsanlegget i nabokommunen, har det også vore politiaktivitet i Fagerlundvegen, i området der det fyrste blodsporet vart funne.

Det blir opplyst til NRK at dei sjekkar område dei har undersøkt også tidlegare, for å sikre at dei ikkje har gått glipp av spor.

– Ingen personar har status som mistenkt eller sikta i saka, og det er ikkje gjort nye, vesentlege funn, opplyser politiet i Innlandet i ei pressemelding fredag formiddag.

forsvinningssaken

Flere saker fra Innlandet