Hopp til innhold

Slik unngår du mus i hus

Vinteren nærmar seg, og tusenvis av små krabatar leiter etter ein god vinterbustad. Les kva du kan gjere for å unngå at dei kjem til ditt hus.

Mus.

Dei fleste vil unngå å få slike gjestar i huset.

Foto: DOUG HANSEN / AFP

- I går hadde vi besøk av ei jente som budde i eit gammalt hus. Ho var heilt på gråten ettersom ho hadde mus i både veggar og tak. Så ho sopte med seg alt vi hadde av museforebyggjande varer, seier Anne Strømsnes som jobbar i byggjevareforretninga i Gran.

Men både ho og Anstein Berntsen i skadedyrfirmaet Pelias, er enige om at det viktigaste er det du gjer før vinteren set inn.

- Tenk forebyggjing, seier dei.

- Rydd rundt huset

Det finst nok av middel å ta tak i dersom du fyrst har fått mus i huset. Musefeller, rottegift, møllkuler og ultralyd er noko av det som finst i butikkhyllene.

Berntsen meiner at dei fleste kan gjere enkle grep som gjer desse unødvendige, og gjer at musa vil halde seg unna huset.

- Det viktigaste er å rydde rundt huset og fjerne vegetasjonen rundt. Langt gras, lauv og vedstablar bør fjernast. Dersom det er tomt rundt huset tør ikkje musa å kome, seier han.

Samtidig er det viktig å plassere netting framfor ventilane, samt at du let att alle glas for å hindre at musa tek seg inn. Samtidig kan det vere lurt å plassere ut åtestasjonar rundt husa, og fyller desse jamnleg med ei eller annan form for rottegift.

Katt og mus
Foto: NRK

Og dersom ikkje desse råda skulle hjelpe så er det eit firbeint hjelpemiddel som aldri går av moten...