Hopp til innhold

Brannhelikopter måtte sløkke skogbrann

KOPPANG (NRK): Eit uthus har brent ned på Koppang i Stor-Elvdal kommune i Innlandet, grunna ein gras- og skogbrann som var ute av kontroll. Brannhelikopter måtte hjelpe til.

Brann på Koppand

TØRT: Eit stort område har brent. Det var tørt i hogstfeltet.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

SISTE: Ettersløkkingsarbeid held framleis på. Eit brannhelikopter har hjelpt til i sløkkinga av brannen.

Meldinga om skogbrannen på Koppang kom klokka 14.00 onsdag ettermiddag, og naudetatane rykka ut til staden.

Eit uthus brann ned, medan eit bustadhus heldt på å bli tatt av brannen. Vinden snudde og brannen gjekk deretter sørover mot eit hogstfelt.

Brann i skogområde på Koppang

BRANN: Hogstfeltet var tørt, og brannen kom ut av kontroll.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Hadde ikkje kontroll

Klokka 14.22 meldte politiet at brannvesenet ikkje hadde kontroll på brannen. Fleire ressursar var då sett inn i sløkkingsarbeidet, og brannhelikopter vart tilkalla til området.

Laster Twitter-innhold

Etter klokka 16.30 snakka NRK med Knut Bjørnseth som er innsatsleiar Midt-Hedmark brann. Han sa då at det var 20–30 mål som stod i brann. Då var det 17 mann frå tre brannvesen med i sløkkingsarbeidet, og i tillegg seks personar frå sivilforsvaret.

Klokka 17.49 meldte politiet at helikopteret var i gang med sløkking.

Brannhelikopter på Koppang

HJELPER TIL: Brannhelikopter hjelper til sløkkinga av brannen på Koppang.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Området det brann i er vanskeleg tilgjengeleg for sløkking, og difor fekk også brannvesenet hjelp av ei beredskapsvogn frå Bane Nor. Også sivilforsvaret har hjelpt til.

Jernbanestrekninga mellom Opphus og Koppang på Rørosbanen er stengt på grunn av brannen i området.

Sløkt etter fleire timar

Etter klokka 18.30 var brannen sløkt.

Knut Bjørnseth Innsatsleder Brann

VANSKELEG: Knut Bjørnseth, innsatsleiar Midt-Hedmark brann, seier det var vanskeleg å sløkke brannen.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

– Det var ein brann som starta ved sida av ein bustad, og den forsvann oppover lia mellom vegen og jernbanelinja, seier Knut Bjørnseth, innsatsleiar Midt-Hedmark brann.

– Det var mykje gamal hogstvegetasjon som låg der, og det var tørt, så det var vanskeleg å sløkke. Det var lite tilgang på vatn, seier han.

Brannhelikopteret kom frå Torp i Vestfold, og brannen vart sløkt.

– Brannhelikopter er alfa omega i slike terreng som me har her med lite tilgang på vatn, seier Bjørnseth.

Bakkemannskap ettersløkker litt utover onsdag kveld, og deretter blir det skogeigaren som tar over ansvaret. Deretter er det opp til Jernbaneverket å bestemmer når jernbanestrekninga mellom Opphus og Koppang på Rørosbanen skal opne att.

Det er ikkje meldt om personskadar. Brannårsak er ikkje stadfesta.

– Mogleg årsak til brannen kan vere ei tønne det har vore fyrt opp i, som skal ha velta, seier operasjonsleiar Kjartan Waage i Innlandet politidistrikt.

Fryktar tøff vår

Det er tørt mange stader i Innlandet, og politiet har meldt om titals mindre brannar i Innlandet den siste tida. Med varmegrader og sol fryktar Bjørnseth at det kan bli ein tøff vår.

– No er det veldig tørt alle stader, det er mykje tørt gras og det er ingenting som skal til for at det byrjar å brenne, seier Bjørnseth.

No håpar han på regn.

– Då blir det grønt, og då blir brannfaren litt mindre, men eg oppfordrar folk om å halde fyrstikkene unna, og om å vere fornuftige, seier han.

Brann Koppang