Hopp til innhold

Sel kyrkje forsøkt påtent – fryktar det kan skje fleire plassar

Nokon har knust ruter og prøvd å tenne på kyrkja i Sel kommune. Politiet sjekkar om det er likskapar med kyrkjebrannen på Dombås, og er bekymra for at det skal skje igjen.

Sel kirke forsøkt påtent

ETTERFORSKING: Politiet har sperra området rundt kyrkja og driv etterforsking. Dei får også hjelp av Kripos.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Rundt klokka 02 i natt vart det gjort skadeverk på kyrkja i Sel. Ei rute er knust og det finst spor som tyder på at nokon har prøvd å tenne på.

– Det gjekk ein alarm på kyrkja. Ein vekter var like i nærleiken og han var der kort tid etter, seier Erik Trønnes, som er lensmann i Nord-Gudbrandsdal lensmannsdistrikt.

sel kirke forsøkt påtent

SKADEVERK: Kyrkja ligg nokre kilometer unna Otta sentrum. Ei rute er knust og nokon har truleg prøvd å tenne på.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Politiet driv etterforsking på plassen no. Dei har sperra av området og får hjelp av krimteknikarar på plassen.

Dei har ingen mistenkte så langt og ønsker tips frå alle som kan ha sett noko.

– Alle bevegelsar i tidsrommet frå midnatt og utover er interessant. Om du har køyrt forbi, vore i området eller observert noko, ta kontakt med politiet, seier Trønnes.

Fryktar det vil skje igjen

Politiet ser på om det finst likskapar med kyrkjebrannen på Dombås. Kyrkja der begynte å brenne i februar i år og vart truleg tent på.

Sel kirke forsøkt påtent

BEKYMRA: Lensmannen seier ein må vere aktsam. Han er redd fleire kyrkjer blir råka.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Trønnes vil ikkje seie kvifor dei meiner dette har likskapar til det som skjedde der, av omsyn til etterforskinga. Men dei fryktar det er same person eller personar som står bak.

– Vi kan slettes ikkje utelukke det. Dei to sakene blir etterforska parallelt. Dei funna som blir gjort blir samanlikna, seier han.

Bilder fra inne i den utbrente Dombås kirke.

DOMBÅS: Slik såg det ut inne i Dombås kyrkje etter brannen der. Politiet sjekkar om det er samanheng mellom skadeverk på dei to kyrkjene.

Foto: Vigga Lokalavis

Med to slike hendingar i Gudbrandsdalen i år er lensmannen no redd fleire kyrkjer kan bli råka på same måte.

– Vi er oppriktig bekymra no. No må kommunane og kyrkja følge med framover, og vi i politiet kjem til å patruljere kyrkjene aktivt, seier Erik Trønnes i politiet.

Sel kirke forsøkt påtent

KNUST: Vindauget på kyrkja er knust, og politiet trur nokon prøvde å tenne på i tillegg.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Set inn ekstra vakthald

Dei fleste kyrkjene i Nord-Gudbrandsdal er gamle, verneverdige og listeførte bygg. I natt fekk alle beskjed om å passe ekstra godt på. Biskopen skriv i eit utsegn at det blir ekstra vakthald ved fleire av kyrkjene.

– Alle må no tenke over korleis ein kan heve sikkerheita rundt kyrkjebygga dine. Vi kan ikkje vite om det er nokon som har til hensikt å skade fleire kyrkjer, men vi må gjere det vi kan for å avverje, seier Birgitte Bentzrød, som er prost i Nord-Gudbrandsdal Prosti.

Nokon av kyrkjene har allereie avtaler med vaktselskap eller har overvaking på andre måtar. Prosten seier det kan bli aktuelt framover å ha fysiske vakter fleire stader. Ho synest situasjonen er utruleg trist.

– Det gir berre ein ekstra dimensjon av tragedie om det er nokon som verkeleg ønsker å skade kyrkja, seier ho.

Vil råke innbyggarane hardt

Kyrkja ligg nokre kilometer utanfor Otta sentrum i Sel kommune. Akkurat no er Sel ei av dei kommunane som er hardast råka av koronaviruset.

Solveig Fiske

UTRYGT: Biskop, Solveig Fiske, seier i eit utsegn at dette råkar kommunen hardt.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

I kommunen med rundt 5700 innbyggjarar, har meir enn 1000 personar vore i karantene og mange er smitta med viruset. Biskop Solveig Fiske, seier dette gjer situasjonen i kommunen vondt verre.

– Eg tenker på folket i Sel, som no opplever at den utryggleiken som ein allereie lever med no blir forsterka. Hendinga er svært krevjande for det som allereie er ein belasta situasjon med koronaviruset, seier biskopen i ei utsegn i dag.

Lensmannen trur også skadeverket på kyrkja deira vil råke samfunnet der hardt.

– Det er klart dette kjem til å gjere eit stort inntrykk på Sel slik det gjorde på Dombås. Det er klart det er ei stor bekymring, seier Erik Trønnes.