Hopp til innhold

Satsar stort på vasskraft

Eidsiva Vannkraft vil byggje kraftverk til over ein halv milliard kroner i Tolga.

Tolga
Foto: Joar Elgåen / NRK

Kraftverket i Glomma skal ha ein kapasitet på bortimot 150 GWh per år noko som tilsvarar straum til rundt 7000 bustader i året.

Nå har Eidsiva teke kontakt med kommunen, for å diskutere moglegheitene for ei utbyggjing.

- Tolga kommune startar nå ein brei prosess for å informere både folkevalte og innbyggjarane om planane, seier ordførar Erling Aas-Eng i ei pressemelding.

Gjennom Tolga sentrum

Dei nye planane er i noko mindre omfang enn det som tidlegare har vore planlagt i området. Nå ser Eidsiva på ei strekning i Glomma på rundt 6-7 kilometer, mellom anna gjennom Tolga sentrum.

- Vi har tenkt å byggje eit kraftverk i fjellet, og ta vatnet inn gjennom ein tunnel, seier direktør i Eidsiva Vannkraft, Oddleiv Sæle.

Høg utbyggjingspris

Sæle seier at ei eventuell utbyggjing fyrst og fremst vil merkast gjennom sentrum i Tolga.

- Særleg om vinteren vil dei merke at det blir mykje mindre vatn. Men vi er oppmerksomme på at vi må ha ei minstevassføring som gjev nok vatn gjennom sentrum om sommaren.

Utbyggjinga kjem truleg til å koste over 600 millionar kroner, og er venta å dekkje forbruket til omlag 7000 husstandar.

- Dette er ei utbyggjing som vil ha ein høg utbyggjingspris, så vi er avhengige av at straumprisane i framtida vil vere minst like høge som dei er i dag, seier Sæle.

Langt fram i tid

Men det er ikkje gjort i ei handvending å gjennomføre ei slik utbyggjing. Sæle trur prosjekteringa i forkant vil kunne ta eit par år, slik at det tidlegast kan vere aktuelt å sende ein konsesjonssøknad i 2010.

- Deretter vil det ta eit par år å behandle denne, så det blir nok ikkje aktuelt med byggjestart før i 2012, seier Sæle.

Dermed blir det truleg ikkje aktuelt å starte kraftproduksjon i Tolga før 2015.

Flere saker fra Innlandet