(Illustrasjonsfoto)
34-åringen møtte også rusa i retten, og er nå dømt til 8 månedar i fengsel av Sør-Gudbrandsdal Tingrett.
Retten meiner mopedisten har utsett seg sjølv om andre for stor fare ved å kjøre når han var rusa på narkotika, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.
Manglar respekt
Valdresmannen er far til fire, og denne siste dommen er den 17. i rekkja. 13 av dei gjeld kjøring i rusa tilstand.
Han hevdar det er slutt på fyllekjøringa, men retten vart ikke overtydd.
- Mannen manglar respekt og forståing for vegtrafikklova, heiter det i dommen.
Inga rusavvenning
Mannen la seg i august inn på ein institusjon for rusavvenning, men pakka sakene sine og reiste etter nokre få dagar.
Nå har han altså fått ein ny dom, og denne gongen må 34-åringen frå Valdres sone 8 månedar i fengsel for å ha vore rusa på blant anna narkotika mens han kjørte moped.
Han må også betale 8.500 kroner i bøter.