Hopp til innhold

Bygger svevande hotellsuite i bergveggen: – Treffer ein veksande trend

SEL, GUDBRANDSDALEN (NRK): Trass i krisa i reiselivet vil Ingrid Tho og Geir Lyftingsmo satse på å lage «noko sinnssjukt». Innovasjon Noreg har fått mange slike søknadar i 2020.

SUITE: Slik vil paret i Sel at hotellrommet skal sjå ut innvendig.

SUITE: «Eagle Nest Eco Lodge» vil ha panoramautsikt i hjartet av Gudbrandsdalen. Slik vil Ingrid Tho og Geir Lyftingsmo den skal sjå ut. Dei håpar den kan stå klar i løpet av hausten.

Draumen har dei hatt i fleire år. Men det var ikkje før landet stengde ned at planen verkeleg tok form.

– Ein blir kreativ når ein blir verande heime. Då tenkte vi: skal vi ikkje berre prøve? Gjere noko nytt og spennande?, seier Ingrid Tho.

Nesten eitt år seinare har ho og sambuaren, Geir Lyftingsmo byggetillatinga frå kommunen i boks.

Ingrid Tho og Geir

UTSIKT: Frå hotellsuiten kan ein sjå fjella i både Rondane og Dovre. Om sommaren har ein og utsyn til stølslandskapa her. Ingrid Tho og Geir Lyftingsmo har fått støtte til prosjektet.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Veksande trend

Koronaåret har gått hardt utover reiselivet. Ei undersøking NHO reiseliv gjorde før jul viste at kvar fjerde bedrift hadde permittert meir enn 75 prosent av staben sin.

Jon Kristiansen, regiondirektør NHO Innlandet

TREND: Jon Kristiansen i NHO seier reiselivet slit enormt om dagen. Likevel har han veldig trua på at slike opplevingar som dei lagar i Sel kjem til å greie seg bra i framtida.

Foto: Moment Studio/NHO

– Vi står i vår største økonomiske krise etter krigen. Reiselivet er blant dei som er desidert hardast råka. Fire av ti seier det er ein reell fare for å gå konkurs, fortel Jon Kristiansen, regiondirektør i NHO i Innlandet.

Men han seier at reiselivet i Noreg kjem til å komme tilbake igjen. Og slike opplevingar som dette paret vil lage er lurt å satse på.

Hotellsuite i Sel, Eagle Nest Eco Lodge
Eagle Nest Eco Lodge, Sel
Eagle Nest Eco Lodge, Sel
Eagle Nest Eco Lodge, Sel

– Her treff dei ein veksande trend i Noreg. Det går frå overnatting til oppleving. Vi har travle liv slik at vi ønsker ro i sinnet, seier han.

Ingrid Tho og Geir Lyftingsmo har fått litt over 1,2 millionar i støtte frå Innovasjon Noreg og 100 000 frå Sel kommune.

Kaja Van Den Berg frå Innovasjon Noreg i Innlandet seier dei ofte vel prosjekt som skil seg ut.

– Vi ser etter nyheitsverdi. At det representerer noko nytt og har noko unikt ved seg. Det bidreg til å skape ei reiselyst som gir grunn til å komme til dette området i seg sjølv, seier ho.

Ho fortel at desse to ikkje er åleine om å satse akkurat no. Innovasjon Noreg i Innlandet innvilga 43 prosent fleire saker i 2020 enn året før. Og dobla nesten beløpet som var bevilga til reiseliv. Det er delvis på grunn av pandemien.

Kaja VAN Den Berg

FLEIRE SATSAR: Kaja Van Den Berg seier reiselivet er i ei stor krise no, men er glad for at mange no satsar på idear dei har hatt liggande lenge.

Foto: Åsmund Grini / NRK

– Vi ser at det er ein del som har brukt høvet til å ta fram idear dei har hatt liggande i skuffen og faktisk realisere dei. Og det er mange som grip moglegheita til å gjere både eit digitalt og eit grønt løft, fortel Van Den Berg.

Paret får også støtte av nokon som har drive med noko liknande i snart 15 år. Dei får du treffe lengre ned i saka.

Ville lage noko «sinnssjukt»

– Vi har så mykje unike og fine overnattingar i Noreg og resten av verda så om du først skal satse på noko må du gjere det vesle ekstra. Om vi skal bygge noko her må vi bygge noko sinnssjukt, seier Ingrid Tho.

Hotellsuite bergvegg

SPEKTAKULÆRT: Ingrid Tho og Geir Lyftingsmo trur dei bør gjere noko spesielt og spektakulært for å kunne lukkast i bransjen.

Foto: Even Lusæter / NRK

Dei er opptekne av å bygge på ein berekraftig måte. Hotellsuiten har dei teikna sjølv og den skal vere i tre. Gjennom dei store rutene vil ein ha utsikt til Rondane, Dovre og Vågå. Og det er ein avansert konstruksjon.

– Hytta blir forankra i bakkant på tuppen av fjellkanten og med to søyler lengre nede i fjellet. Den stikk åtte meter ut på golvet og rutene vil lene seg ut frå det. Då har ein enorm panoramautsikt, fortel Geir Lyftingsmo.

Ingrid Tho, hotellsuite i bergveggen

BRATT: Hotellsuiten kjem til å henge utfor denne skråninga her. Ingrid Tho og Geir Lyftingsmo teikna sjølv og har fått hjelp av arkitektar for å lage ein trygg og solid konstruksjon.

Foto: Even Lusæter / NRK

Målgruppa deira er par som treng rekreasjon, og truleg vil det koste 5000 kroner natta å overnatte her.

– Light-versjon av hangglider

Paret får støtte frå Frode Schei og Ann-Mari Jahr som driv med tretopphytter i Brumunddal. Dei har snart 15 års erfaring med å tilby unik overnatting. Hyttene deira har ikkje stått tomme ei einaste natt dei siste ti åra, utanom nedstenginga i fjor.

Schei er ikkje i tvil om at suiten i Sel vil bli populær.

Frode Schei

SPENNING: Frode Schei, som driv med tretopphytter, trur slike overnattingsplassar slår an fordi det er ei spenning med å sove så høgt over bakken.

Foto: NRK

– Det med å føle på risikoen som er ved å kunne ramle ned utan at det skjer. Det ligg der som ein liten greie i bakhovudet, spenninga ved det. Det er ein veldig light-versjon av å fly i hangglider, klatre i fjell eller hoppe i fallskjerm. Det er spenningselementet som triggar deg litt, seier Frode Schei.

Han trur nordmenn vil feriere i Noreg også etter reiserestriksjonane forsvinn.

– Fleire har fått auga opp for at Noreg har mykje å by på. Og ikkje minst med nye opplevingar og folk som satsar i spesielle retningar og finn nisjar som er interessante for mange, seier han.

Flere saker fra Innlandet