– Det er unikt å få naturen så tett innpå seg. Med ekorn som spring berre centimeter frå deg, seier Janette Skoga.
Saman med familien sin og eit vennepar, er ho av dei heldige som fekk plass i ei av tretopphyttene i Brumunddal.
TETT PÅ NATUREN: I tretopphytta i Brumunddal bur ein tett på naturen. Ekorna er så tamme at du kan mate frå handa.
Foto: Mette Vollan / NRK– Vi har vore her i eitt døgn. Sambuaren min fekk eit gåvekort til 40-årsdagen sin. Så då var vi så heldige og fekk bestilt hytta før koronaen kom.
No har også mange andre bestilt overnatting i toppen av eit tre.
40 prosent auke
Frode Schei og Ann-Mari Jahr har drive tretopphyttene, Treetophut, i Brumunddal i 15 år. Dei var dei fyrste i Noreg som sette opp ei tretopphytte.
Dei har vanlegvis stor etterspørsel på hyttene, men har merka eit ekstra trykk i år.
– Vi har hatt ein eventyrleg etterspørsel. Hyttene har vore fulle det meste av sommaren, og det er utruleg mange som tek kontakt, seier Schei.
Han fortel at dei har hatt nærare 40 prosent fleire etterspørslar i sommar samanlikna med tidlegare år.
– EVENTYRLEG ETTERSPØRSEL: Dei seks tretopphyttene til Frode Schei og Ann-Mari Jahr i Brumunddal har hatt ein eventyrleg etterspørsel i sommar, seier Schei.
Foto: Mette Vollan / NRKFullt heile sommaren
Slik er det også fleire stader i landet. Dei fleste tretopphyttene har nemleg vore fullbooka i heile sommar.
– Vi har ikkje ei ledig natt før i september, seier marknadssjef i Tretopphytter Oslofjord, Georg Lützow-Halm.
– Det er veldig bra med booking på hytta. Det er tydeleg at mange skal feriere i Noreg, og det er vi glade for, seier Bente Bakke, medeigar i Lykketoppen tretopphytter i Trysil.
FYRSTE SESONGEN: Denne sommaren er den fyrste sesongen for Lykketoppen Tretopphytte i Trysil. Det har så langt gått over all forventning.
Foto: Andreas FauskoOgså i Namdalen i Trøndelag, ved Himmelhøy tretopphytter, har etterspørselen vore stor.
– Vi leigde ut nesten heile sommaren på to veker, seier drivar Kathrin Kjelbotn Wråli.
Ho trur mange vel små, unike stader framfor hotell i storbyane.
– Det er in med tretopphytter. Folk vil gjere noko spesielt, seier Kjelbotn Wråli.
På Instagram florerer det av bilete av folk som besøker dei populære hyttene fleire meter over bakken.
– Kjempefint
Etter eit døgn i tretopphytta i Brumunddal pakkar vennepara frå Oslo og Lørenskog saman og reiser vidare på noregsferien.
– Det har vore kjempefint. Vi har vore heldige med vêret og alt har gått veldig bra, seier Skoga.
Drivaren er raskt i gang med å vaske og desinfisere hytta. For straks kjem nye gjester.
– Eg skulle ønske vi hadde fleire plassar her akkurat no, seier Schei.