Populær nettside

Nettstaden Hedalen.no feirar denne veka jubileum for 1 million besøk. Sida vart opna i mai 2000, og har i gjennomsnitt hatt mellom 400 og 1000 besøkande kvar einaste dag.

Arne Heimstøl

Arne Heimestøl driv nettstaden hedalen.no frå kontoret sitt heime i Hedalen.

Foto: www.hedalen.no

Det bur berre 800 personar i den vesle bygda i Sør-Aurdal. Det er hedøler, hytteeigarar og utflytta hedøler som brukar nettsida.

 

Særs nøgd redaktør

Redaktør for nettstaden Arne Heimestøl er særs nøgd med besøkstalet.

- Det har vore ei god utvikling sidan vi hadde offisiell opning i mai 2000, seier Heimestøl.

På nettstaden blir det kvar dag lagt ut oppdaterte nyheiter frå bygda. Sida har også verteneste, føremeldingar, debattforum og bilde.

Mange bilder frå fjellet

Nettstaden er drive på dugnadsbasis og er avhengig av engasjement frå lesarane.

- Veldig mange sender bilde frå fjellet, seier Heimestøl.

Han fortel også at lokale lag og foreiningar, samt fleire bedrifter, nyttar sida til å informere hedølane om kva som føregår i bygda.

link til nettstaden  hedalen

 

 

Flere saker fra Innlandet