Aktor har i ettermiddag lagt ned påstand om ni år fengsel etter drapet på Noralf Midthus i Aurdal. Ein 43-åring er tiltalt for forsettleg drap.
Hugsar ingenting
Millionæren Noralf Midthus vart brutalt drepen ved heimen sin 8. september i fjor.
Tysdag forklarte tiltalte i Valdres Tingrett at han ikkje hugsar noko frå drapsdagen.
Motivet er uklart
Tidlegare i dag konkluderte professor Berthold Grünfeldt med at tiltalte var bevisst da han skal ha drept Noralf Midthus. Grünfeldt meiner dermed at 43-åringen er strafferettsleg tilrekneleg.
Politiet har tidlegare sagt at motivet for drapet er uklart.
Noralf Midthus var drepen ved heimen sin. (Foto: NRK)