Hopp til innhold

Pasientorganisasjon vil legge ut for pasientreiser

Pasientorganisasjon vil låne pengar til pasientar for reiser dei må legge ut for. Burde ikkje vore naudsynt, meiner politikarar.

Grete Sannes med Runer Finnes. Han må køyre ho til behandling etter sjukehuset ikkje landa ny avtale. Grete sit i rullestol og bak dei to er det ein parkert bil, og ein kan sjå Kongsvinger Sykehus.

MÅ KØYRE: Runer Finnes må køyre Grete Sannes til behandling etter helseføretaket ikkje landa ny avtale med taxiselskapet om rekvirerte reiser.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Grete Sannes som er dialysepasient har blidt bedt om å legge ut over 10.500 kroner for reiser til sjukehuset.

Dette fordi det frå 1. mars i år ikkje vart landa avtale om rekvirerte reiser med eit taxiselskap for området med kommunane Eidskog, Kongsvinger, Grue, Sør-Odal og Nord-Odal.

– For å avhjelpe situasjonen per i dag har me tilbode eventuelt ei løysing der me legg ut for drosje, seier Finn Larsson som er leiar Landsforeningen for Nyrepasienter og Transplanterte (LNT) Innlandet.

Sjekk kva kommunar som ikkje har avtale her:

Reknar med refusjon

LNT representerer dialysepasientar, og LNT Innlandet har tatt kontakt med dialyseavdelinga på Kongsvinger sjukehus.

Dei håper å få kontakt med personar som kan trenge at pasientorganisasjonen legg ut for reisene deira i ein periode. Dei ser også på om taxiselskapet kan sende fakturaen for reisene rett til LNT.

Utlegga reknar dei med å få refundert.

– Me reknar med å få betalt tilbake pengane frå Pasientreiser, seier Larsson.

Larsson seier dei i LNT er «rimeleg sjokkert» over at situasjonen ikkje kan løysast, og då heller ikkje mellombels.

Eg skjønar at det kan bli ein tvist, men dei kan ikkje sette liv og helse i spel. Då må dei finne ei reserveløysing og svelgje nokre kamelar, for her står livet på spel viss ikkje dei får behandling, seier Larsson.

– Politisk ansvar

Rødt sin representant i Helse- og omsorgskomiteen, Seher Aydar, har tatt opp saka med eit skriftleg spørsmål til helse- og omsorgsministeren og Stortinget. Det har også stortingsrepresentant for Frp og andre nestleiar Helse- og omsorgskomiteen, Bård Hoksrud, gjort.

Rødt spør om statsråden meiner modellen med anbod for pasientreiser sikrar eit likeverdig helsetilbod for alle, og spør kva statsråden vil gjere for at det ikkje skal gå utover pasientar at kommunar ikkje har avtale om rekvirerte reiser.

Seher Aydar i Rødt

Seher Aydar i Rødt meiner det er eit politisk ansvar å sørge for at alle har lik tilgang til helsetenester, og meiner det å komme seg fram til sjukehuset er ein viktig del av det.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

– Det skaper eit skilje mellom folk. Det kan ikkje vere slik at pasientane må bere kostnaden av at det ikkje er komme på plass ein ny avtale mellom sjukehus og taxiselskapet, seier Aydar.

Hoksrud meiner ny avtale om rekvirerte reiser må på plass.

Fram til ein slik avtale er på plass, må ein sørge for at ein brukar den gamle avtalen, seier Hoksrud.

Burde ikkje vore naudsynt

Om at LNT som pasientorganisasjon vurderer å legge ut for pasientar, seier Hoksrud at det ikkje burde vore naudsynt.

Bård Hoksrud frp rus stortinget

Bård Hoksrud i Frp meiner pasientreiser er ein del av behandlinga, og at det er heilt avgjerande at pasientar faktisk får den.

Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

Det er heilt uakseptabelt at organisasjonar no må kome og seie at me skal prøve å finne ordningar som kan hjelpe dykk til at de faktisk får heilt naudsynt behandling på sjukehus, seier Hoksrud.

Aydar seier at dei i Rødt er glade for at det finst pasientorganisasjonar som kjem på banen når det trengst.

– Men samtidig er dette ei fallitterklæring for det offentlege som ikkje klarer å sikre at alle menneske kjem seg på sjukehus uavhengig av økonomi, seier Aydar.

Ho understrekar at å frakte pasientar burde vore ei offentleg oppgåve, og er klar på at ei ny ordning burde vore på plass.

– Eg meiner at det burde vore på plass i går.

Vil legge om systemet

Den 18. mars skriv avisa Glåmdalen at pasientreiser ved Oslo universitetssjukehus ikkje lyser ut ein ny anbodskonkurranse for transport.

Derimot planlegg dei å ta over meir ansvar for transporten sjølv. Dagleg leiar i Pasientreiser OUS, Egil Johannessen, seier til avisa at dei no skal legge om heile konseptet for pasienttransport:

– Dette er ei omstilling som krev tid, men som gradvis vil bli betre, seier Johannessen.

Pasientreiser OUS har alt seks minibussar for pasienttransport, og desse er i drift på dag og ettermiddag i vekedagane.

– Men me jobbar med å utvide tilbodet, seier Johannessen til avisa.

Sjukehusføretaket meiner likevel at praksisen med at brukarane sjølv må forskottere reiser til sjukehuskonsultasjonar kan vidareførast:

– Pasientane sine rettigheiter til å få dekka kostnader blir tatt i vare gjennom refusjon, seier Johannessen til avisa.

Statssekretær Karl Kristian Bekeng seier regjeringa forstår at pasientar og andre i Glåmdalen-regionen er urolege for situasjonen.

Vi hadde eitt møte denne veka med ordførarar frå regionen som var konstruktivt og nyttig, og som nemnt i møtet er dette noko vi vil følge opp vidare i dialog med Helse Sør-Aust. Per no er det for tidleg å gå i detalj om oppfølginga, men innbyggjarane i Glåmdalen-regionen skal vere trygge på at det blir jobba for å finne gode løysingar, skriv han i ein e-post til NRK.

Les også Grete bedt om å legge ut 10.500 kroner i veka for reiser til sjukehuset: – Heilt håplaust

Grete Sannes blir køyrd til og frå dialysebehandling av Runer Finnes. Grete sit i rullestol og Runer går bak og dyttar rullestolen framføre seg. Rundt dei er det både bar asfalt og snø langs vegkanten.