Hopp til innhold

Avgjerd om Øygard-tiltale tidlegast i januar

Dei siste vekene har både den overgrepssikta Vågå-ordføraren Rune Øygard og den fornærma jenta vore gjennom nye avhøyr. Avgjerda om ei mogleg tiltale kjem tidlegast i januar.

Vågåordfører Rune Øygard

Rune Øygard er sikta for overgrep mot ei mindreårig jente.

Foto: Anne Storaunet / NRK

Det er nå drøye tre månader sidan ei mindreårig jente og hennar familie melde Vågå-ordførar Rune Øygard til politiet for seksuelle overgrep.

Politiet nærmar seg nå ei avslutning på si etterforsking, seier politijurist Lars Rune Ringvik.

– Det vil ikkje kome noko før etter nyttår. Vi ventar mellom anna på svar frå Kripos på dei undersøkingane vi har bede dei om å gjere, dette er venta i løpet av januar. Deretter står det att eit par etterforskingsskritt før vi vil sende saka vidare til statsadvokaten.

Ingen fleire vitneavhøyr

Både Øygard og den fornærma jenta har vore inn til nye avhøyr dei siste vekene, men Ringvik vil ikkje seie noko om det har kome fram noko nytt.

– Eg tykkjer ikkje etterforskinga har teke lang tid, vi har kome langt i løpet av tre månader. Det som står att nå er stort sett ting som vi ikkje rår over.

Jenta sin bistandsadvokat har ved fleire høve teke til orde for at statsminister Jens Stoltenberg er blant dei som bør avhøyrast i saka, men fekk ikkje medhald til dette kravet hjå statsadvokaten.

– Per i dag ser det ikkje ut som det er nødvendig med fleire vitneavhøyr i saka, seier politiadvokat Lars Rune Ringvik.

Flere saker fra Innlandet