Tillitsvalt i Oppland Transportarbeidarforbund, Asbjørn Sundland seier det var ei verdig og rørande markering.
Han meiner denne markeringa blant anna har styrka samhaldet i sjåfør-miljøet i Vest-Oppland.
Viste felleskap
Sjåførar frå heile Vest-Oppland deltok, og dei fleste hadde uniform og sørgjeband.
Inger Limmesand har jobba 17 år som bussjåfør på Gjøvik og var i går ein av dei mange bussjåførane som hadde møtt opp til markeringa mot vold.
- Det er viktig å markere at ein er imot blind vald, seier ho.
Dette ein fin måte å vise fellesskap på, meiner Andre Røyne tidlegare bussjåfør frå Gjøvik.
- Det markerer at sjåførane har eit bra miljø seg imellom. Samtidig får ein håpe at det også gjer litt varme til dei som er att, seier han.
Åstaden pynta med faklar
Hjelpemannskap, politi, sambygdingar og venner. Alle satt sitt preg på markeringa. Staden der bussjåfør Audun Bøland vart drepen var lyst opp med faklar, farga med blomar og helsingar.
Også bebuarane på asylmottaket der mannen som er sikta for drapet på Audun Bøland budde, deltok i sorga.