Hopp til innhold

Ordføraren i Engerdal er død

Ordførar i Engerdal kommune Lars Erik Hyllvang døydde av eit akutt helseproblem natt til sundag. Han vart 51 år gamal.

Lars Erik Hyllvang

DØD: Lars Erik Hyllvang døydde på Ullevål sjukehus natt til sundag.

Foto: Anne Næsheim / NRK

Lars Erik Hyllvang vart berre 51 år. Han døydde brått natt til sundag. Det skriv Engerdal kommune på sine heimesider.

Der står det:

«Med stor sorg har vi i dag motteke bodskapen om at ordførar Lars Erik Hyllvang døydde ved Ullevål sjukehus i natt. Våre tankar og medkjensle går til familien. Kondolanseprotokoll blir lagt ut i Enger måndag.»

Ordfører i Engerdal, Lars Erik Hyllvang

ORDFØRAR: Lars Erik Hyllvang var ordførar i åtte år.

Foto: Frode Meskau / NRK

Hyllvang har vore ordførar i Engerdal kommune sidan 2011. Han kom frå jobben som einingsleiar for oppvekst i Engerdal kommune.

Lars Erik Hyllvang høyrde til Senterpartiet.

Før han vart ordførar jobba han med vaksenopplæring og opplæring av flyktningar og asylsøkjarar. Hyllvang har også jobba med utviklings- og naudarbeid på Sri Lanka i åtte år.

Lars Erik Hyllvang er død. Engerdal kommune har lagt ut kondolanseprotokoll.

KONDOLANSER: Engerdal kommune har lagt ut kondolanseprokoll etter at ordfører Lars Erik Hyllvang døde plutselig natt til søndag.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

– Betydd mykje for Engerdal

Sokneprest i Engerdal, Svein Olav Angard Hovde, seier at dette er ein vanskeleg og uverkeleg situasjon.

Han har vore i kontakt med familien til Hyllvang sundag. Han seier at dei etter forholda har det bra.

– Dette er jo ei lita bygd, der alle kjenner alle, så det er vanskeleg for folk. No står tida stille i Engerdal, seier Hovde.

Sogneprest Svein Olav Angard Hovde

SOKNEPREST: Svein Olav Angard Hovde seier at Hyllvang har betydd mykje for Engerdal.

Foto: Frode Meskau

– Hyllvang har jo vore ordførar lenge, så han har betydd mykje for folk.

Soknepresten seier at Hyllvang vil minnast allereie under ljosmessa i Drevjø kyrkje sundag kveld.

– Ufatteleg trist

Varaordførar i Engerdal kommune, Line Storsnes, seier at tankane hennar går til familien.

– Dette er ufatteleg leit og trist. Fyrst og fremst går tankane mine til Lars Eriks familie, som no må få anledning til å bearbeide dette i sitt eige tempo, seier Storsnes til avisa Østlendingen.

Storsnes høyrer også til Senterpartiet, og vart vald inn i kommunestyret i Engerdal for Samlingslista/Uavhengige ved valet i 2019.

Flere saker fra Innlandet