Hopp til innhold

Nye brannar på Haslemoen

På transittmottaket på Haslemoen starta det å brenne fleire gonger i går kveld. Politi og brannvesen måtte rykke ut to gonger etter at det vart påtent fleire stader.

Brann Haslemoen

Brannvesenet måtte rykke ut til fleire brannar på Haslemoen sundag kveld. Også tidlegare i helga har det vore branntilløp inne på transittmottaket.

Foto: Lars Nyland / Pressephoto

Klokka 20.30 hadde det starta å brenne tre forskjellige stader på asylmottaket i Våler kommune.

Ein mann i 20-åra vart da arrestert mistenkt for å ha tent på tre søppelbøtter inne på mottaket.

- Han vart køyrt til sentralarresten på Hamar, og blir truleg avhøyrt i løpet av dagen, seier operasjonsleiar Geir Rygh ved Hedmark politidistrikt.

Ny brann

Eit par timar seinare kom det inn nye meldingar om brann på Haslemoen. Da hadde det starta å brenne i eit garasjebygg og i eit aktivitetsrom i kjellaren

Politiet trur at også desse brannane var påtent, men kven som står bak dette er foreløpig ukjent. Ingen personar fekk skader i brannane i går kveld.

– Men det er alltid fare for at nokon kan bli skadde når ein tenner på innomhus. Det bur mykje folk der, og også fleire familiar. I går vart dei alvorlege konsekvensane avverga på grunn av godt vakthald, seier Rygh.

Det er ikkje klart kor store dei materielle skadene er etter brannane sundag kveld.

Uro på mottaket

Det har vore mykje uro på transittmottaket i Våler dei siste vekene. Mottaket vart i utgangspunktet oppretta for asylsøkjarar som skulle bu der i nokre veker, men slik har det ikkje vorte. Somme har venta i fleire månader på å få svar på sine asylsøknader, noko som har skapt uro.

– Frustrasjonen blant asylsøkjarane på Haslemoen har bygd seg opp over lang tid. Folk kan ikkje bli halde her for lenge. Dei veit ikkje kva slags framtid dei har, sa Angus Onuoha fra Nigeria til NRK 3. august. Han har venta i tre månader på svar, andre har venta lenger.

Dei siste vekene har det nesten dagleg vore slåsskampar og falske og reelle brannalarmar ved mottaket. Vakthaldet har vorte utvida, men det har ikkje klart å roe gemytta.

Asylsøkjarar frå nedbrent mottak

50 av asylsøkjarane som vart huslause etter brannen på Lier mottak i juli vart sendt til Haslemoen. Dette er asylsøkjarar som har fått avslag på sine søknader og ventar på å bli sendt heim. Formannskapet i Våler kommune har bede om at desse bebuarane må bli fjerna fra Haslemoen.

Ordførar Kjell Konterud seier til Østlendingen at han vil kalle inn til eit hastemøte med brannsjefen i Midt-Hedmark for å diskutere kva som skjer vidare i saka.

– Nok er nok, seier Konterud, som krev ei avklaring av situasjonen på Haslemoen.

Sjå video om uroa på asylmottaket i Våler:

Video Beboere frykter liv skal gå tapt

Flere saker fra Innlandet