Hopp til innhold

Nabokrangel enda med skot

I Nord-Odal førte ein nabokrangel til ein mann skal ha slått ein annan med ein spade. Den andre svarte med å skyte i bakken med ein pistol.

Skaut i bakken i Nord-Odal

Politiet rykka torsdag kveld ut til ei privat adresse, i forbindelse med ein nabokrangel i Nord-Odal i Innlandet.

– Begge partar i konflikten ringde inn til politiet, seier operasjonsleiar Haagen Løvseth i Innlandet politidistrikt.

Og det var ikkje ein verbal krangel politiet fekk i hende.

– Den eine seier han har blitt slått med ein spade. Og han som vart slått har på eit tidspunkt skote nokre skot i bakken med ein pistol.

Konflikt over tid

Politiet var seint torsdag kveld på staden med to patruljar for å ta avhøyr av dei to involverte, og eventuelle andre.

– Me vil ta reie på kvifor denne situasjonen oppstod, seier Løvseth.

Dei to er ikkje kjenningar av politiet, og dei skal ha gått kvar til sitt då politiet kom

– Dei har hatt konflikt over tid, og så har det toppa seg rundt noko byggverk no, fortel Løvseth.

Beslaglegg truleg våpen

Saka etterforskast, og begge partar vil ifølge Løvseth bli meldt for saka.

– Det er ei viss moglegheit for at våpen blir beslaglagt, seier han.