For den som startar som nummer 14.000 i Birkebeinerrennet er vanlegvis dei opphavlege skispora sporlaust borte lenge før ein kjem i gang.
Men i år håpar og trur arrangørane at langt fleire kan nyte godt av trikkeskinnespor dei 54 kilometrane over fjellet mellom Rena og Lillehammer.
Hardare og meir kompakt spor
For tre veker sidan kom nemleg verdas mest avanserte løypemaskin til Ringsakerfjellet. Den lagar spora smalare i botnen, samtidig som dei skrånar ut i toppen.
– Dette fører til at skoa ikkje slår borti, samtidig som spora er så smale at det ikkje blir slingring på skia. Det vil kunne gå mange tusen her før det byrjar å slingrar, seier løypesjef på Sjusjøen, Johannes Haukåssveen.
Kort sagt vil den nye maskina føre til at sporet blir smalare og meir kompakt, og håpet er at det vil gje langt fleire tilfredse birkebeinarar.
– Dette er spor som skal tåle så mange løparar som det byrjar å bli i birken.
Så da må truleg dei som startar langt bak i køen finne andre ting enn spora å skulde på dersom tida ikkje blir like god som forventa...