Hopp til innhold

Nå blir skiløypene smalare!

Fem centimeter smalare spor skal gje betre teknikk blant norske skiløparar.

Skispor på sjusjøen

Ser du skilnaden? Desse skispora er fem centimeter smalare enn vanleg.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

- Eg har lenge irritert meg over for stor avstand mellom skispora. Det gjev manglande tyngdeoverføring og manglande fråspark. Dersom ein går smalare kjem dette på plass heilt naturleg.

Det seier skientusiasten Eirik Høyem, som nå altså vil tukle med noko av det norskaste som finst, skiløypene. På Sjusjøen får skiløparane i jula gå på ski der det er 17 centimeter mellom spora, noko som er fem centimeter mindre enn vanleg. Dette skal også prøvast ut i Oslo-marka seinare i vinter.

- Eg har faktisk tenkt over at det har vore litt breitt stundom. Eg tykte dei smale var betre, kanskje særleg for barna, seier Gry Ahlsand, som var ute og prøvde løypene i dag.

Video nsps_upload_2009_12_30_17_13_0_2495.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Blanda attendemeldinger

Eirik Høyem

Eirik Høyem reknar med at det vil kome reaksjonar på dei smale løypene.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

Løypeansvarleg på Sjusjøen, Johannes Haukåssveen, seier at dei har fått mange forskjellige attendemeldinger på dei smale løypene.

- Somme er skeptiske og somme er positive, men dei fleste tenkjer ikkje over at dei er smalare. Dei største skeptikarane er dei hardaste birkebeinarane, dei tykkjer det er uvant.

For skisporten er bygd på tradisjonar, og initiativtakar for dei nye løypene, Eirik Høyem, er førebudd på å få reaksjonar frå dei som vil halde på tradisjonane.

- Det var jo mykje oppstyr da dei starta å skøyte, og Bokløv-stilen i hopp var i allefall ikkje bra. Men dette trur eg er ein liten sak som vil bli akseptert ganske raskt når folk blir vant til det. Eg trur det vil bli smalare spor i alle skiregionar rundt om i landet ganske snart.

Eirik Høyem

- I dag er det nyklassisk

Han trur også at den nye sporbreidda vil gjere godt for langrennssporten.

- Det vi ser på tv i dag er noko eg vil kalle nyklassisk. Dei stakar jo berre, og går nesten ikkje diagonal. Når vi får smalare spor så vil dei starte å bruke dei store muskelgruppene som lår og seteparti, og da vil det gå fortare med diagonal enn å stake i dei slakke motbakkane.

Ingvild Ahlsand

Ingvild Ahlsand hadde ingen problem med å gå i dei nye løypene.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

Ti år gamle Ingvild Ahlsand har i allefall ikkje noko imot at ganglaget blir smalare når ho er ute og går på ski i framtida.

- Eg kjende ikkje så voldsom skilnad, men det gjekk fint.

Kva meiner du om at skiløypene blir smalare? Sei di meining her!

Flere saker fra Innlandet