Fylkesstyret vil be om eit møte med kyrkjestatsråd Valgerd Svarstad Haugland.
Fylkesstyret vil be om eit møte med kyrkjestatsråd Valgerd Svarstad Haugland om saka.
- Uakseptabelt at kyrkjebygg forfell
Statsråden sa i slutten av januar at det trengst ein diskusjon om det er for mange kyrkjer her i landet. Leiar Eli Blakstad meiner det er uakseptabelt at kyrkjebygg forfell og mange stader blir vurdert stengt.
- Kyrkja er svært viktig for mange menneske, seier ho.
Som NRK Hedmark og Oppland har fortalt forfell mange av kyrkjene i distriktet vårt. Eit døme er Tretten kyrkje i Øyer, som har så store råteskader at tårnet er tatt ned.
Kommunane er ansvarleg
Det er kommunane som står ansvarleg for drifta av kyrkjene. Men mange kommunar slit med økonomien og dermed drifta og vedlikehaldet av kyrkjene. Fleire har nå forlangt at staten må tre støttande til med pengar fra Opplysningsvesenets Fond.
Fondet eig svært mange prestegardar i landet, mykje skog og har ein forvaltningskapital på fleire milliardar kroner. Og også Oppland Senterparti meiner nå at ein stor del av pengane frå fondet må øyremerkast til å vedlikehalde kyrkjer.