Hopp til innhold

Løysing for Dampsaga

Nytt håp for konkursråka burettslag.

Dampsaga

Endeleg går det mot ei løysing for burettslaget ved Mjøsa.

Foto: Gard Brox Jensen / NRK

Burettslaget Dampsaga på Lillehammer vart landskjent da dei fekk store økonomiske problem i fjor.

Låge innskot og høg fellesgjeld førte til at bustadkjøpet vart reine gjeldsbomber for fleire av bebuarane.

Ettersom burettslaget ikkje var sikra gjennom noko garantifond gjekk gjelda til dei som ikkje klarte å betale vidare til resten av bebuarane.

Til slutt gjekk burettslaget konkurs i november i fjor.

Les også: Borettslag mot stupet

Snaut halvparten kjøper på ny

Nå tydar alt på at ei løysing endeleg er på plass for dei hardt prøvde bebuarane. Ei ny seksjonering er godkjent av kommunen, og dermed kan dei omlag 40 leiligheitene leggjast ut for sal på nytt.

Snaut halvparten av bebuarane har allereie gått inn ei avtale med buet og banken om at dei får kjøpe attende leiligheita si på ny.

- Resten av leiligheitene blir lagt ut for sal på den opne marknaden, seier bustyrar Aslak Runde.

Les også: Ettergjev Dampsaga-gjeld

- Attraktiv stad å bu

Han er glad for at dei langvarige problema ved burettslaget nå endeleg kan vere over.

- Det var nødvendig å finne ei løysing, dette er jo ikkje ein vanleg konkurs, det er ein stad der det bur folk. Eg trur den løysinga vi nå har fått på plass er bra for alle partar.

Les også: Vil hindre gjeldsfeller

Og sjølv om det kan ta tid å få blankpolere ryktet til Dampsaga, trur Runde at det bør gå greit å selge dei nye sjølveigarleiligheitene.

- Det at så mange av dei tidlegare bebuarane vil fortsetje å bu der viser jo at det er ein attraktiv stad å bu. Det gjer at vi er optimistiske til det vidare salet.