Hopp til innhold

Lagrar 15.000 kubikk med snø

Verdscup i langrenn, hopp og kombinert skal arrangerast på Lillehammer i fire år framover, og til årets verdscup har Lillehammer brukt ein million kroner på å lagre 15.000 kubikk med snø.

Lagrar 15 000 kubikk med snø

Under ein halv meter med sagflis har dei på Lillehammer lagra ein 'isbre' med 15 000 kubikk snø.

Foto: Nikolas Gogstad-Andersen / NRK

Å arrangere verdscup i langrenn er ikkje spøk. Lillehammer satsar stort på å gøyme 15.000 kubikk med snø til bruk for vinteren, og det gjer dei under en halv meter med sagflis.

Lagrar snø til vinteren

Stein B. Olsen og Eilif Furu viser fram det kvite gullet som dei har lagra under sagflis.

Foto: Nikolas Gogstad-Andersen / NRK

– Det her er gull veit du, seier Stein B. Olsen som er arrangementsansvarleg for FIS World Cup Lillehammer.

Han viser fram litt snø han har gravd fram frå sagflisa, og tar seg ein smak av den vellagra snøen.

– Det smakar snø òg, veit du, det er snø og det smakar snø, seier Olsen muntert.

Snøen har vore lagra sidan vinteren, og 15.000 kubikk ligg enno godt på plass til bruk til vinteren.

– Det er slik om sommaren på Lillehammer, seier han og legg til at det einaste dei tenkjer på er vinteren.

  • Sjå saka her:
    SNØLAGRING PÅ LILLEHAMMER

    SNØLAGRING PÅ LILLEHAMMER

Verdscup i fire år framover

På Birkebeineren skistadion har det ikkje vore verdscup sidan OL-dagane, men no har Lillehammer fått verdscupen i hopp, langrenn og kombinert i minst fire år framover. Snøen som blir lagra er viktig for arrangementet.

– Her står det mykje på spel, det er mange interesser, så det er viktig at arrangementa går av stabelen, seier Eilif Furuli som er dagleg leiar av FIS World Cup Lillehammer.

– Dette er garantien vår for at alt skal gå knirkefritt med tanke på den sportslege avviklinga, seier Furuli.

Byggjer ny stadion

Ny stadion til 50 millionar

Dette skal bli den nye stadionen til 50 millionar kroner.

Foto: Nikolas Gogstad-Andersen / NRK

Til verdscupen skal det byggjast ein heilt ny og intim skistadion til rundt 50 millionar kroner.

– Eg er sikker på at lauparane vil oppleve den som fantastisk god å konkurrere i, både stadion og løypene, seier Furuli.

Stadion er òg designa slik at den skal gi ein maksimal oppleving for publikum.

– Det vert nærleik til lauparane, ein ser rundt 75 av sporet frå stadion på tilskodarplass, seier Furuli og legg til at det er heilt unikt.

– På den måten trur eg me har verdas beste ski-arena, seier han.

Bør ikkje bli for varmt

Onsdag ettermiddag var det 21 grader på Birkebeineren skistadion. Mykje varmare bør det ikkje bli.

– Tropesommar framover no vil gjera meg litt utilpass enn folk flest, seier Furuli.

Verdscupen vert arrangert den 6. til 13. desember i 2013.

Flere saker fra Innlandet